– Vil bety meir død og meir øydelegging

3 hours ago 2



Utenriksminister Espen Barth Eide (Ap) er uroa for signala Israel sender om at dei vil trappe opp krigføringa på Gaza ytterlegare.

 Thomas Evensen / TV 2
REAGERER: Espen Barth Eide er svært uroa over utviklinga i Gaza. Denne helga er han i Madrid for å diskutere løysingar. Foto: Thomas Evensen / TV 2

Publisert 25.05.2025 18:22 Sist oppdatert 2 minutter siden

– Krigføringa er allereie valdsam. Lidingane på Gaza er blitt mykje verre etter at våpenkvila blei broten, seier Espen Barth Eide (Ap) til TV 2. 

Dødstalet på Gaza nærmar seg 54.000 døde. Det siste døgnet har Israel gjennomført over 100 angrep på Gazastripa.

Ifølgje fleire israelske medier, gjer Israel seg klare til å trappe opp krigføringa ytterlegare. 

 BASHAR TALEB / AFP / NTB
EKSTREME FORHOLD: I nesten tre månader blokkerte Israel all nødhjelp, før dei tidlegare denne veka lempa på blokaden ved å sleppe inn over 100 lastebilar med naudhjelp. Foto: BASHAR TALEB / AFP / NTB

– Det er svært urovekkande. Ein ytterlegare opptrapping vil bety meir død og meir øydelegging, seier Eide. 

Tydelegare støtte  

Søndag er utanriksministeren  i Madrid for å delta på eit ministermøte om Palestina. Her møtte han mellom anna den palestinske statsministeren Mohammad Mustafa. 

 Tuva Bogsnes / UD
Espen Barth Eide (Ap) møtte mellom anna den palestinske statsministeren Mohammad Mustafa for å diskutere situasjonen på Gaza. Foto: Tuva Bogsnes / UD

Møtet samlar ministrar frå land som har anerkjent Palestina som stat, representantar for EU, Den arabiske liga og Organisasjonen for islamsk samarbeid.

Partane diskuterte mellom anna arbeidet mot ei tostatsløysing. 

– Det er ingen tvil om at dei som samlast her er opptatt av den umiddelbare og den akutte krisa, men ikkje minst det å identifisere kva skritt som må takast for å få til ei totstatsløysing, seier Eide. 

Skritta han viser til, er mellom anna å anerkjenne Palestina som stat, å styrke den palestinske regjeringa og å normalisere forholdet mellom Saudia Arabia og andre arabiske land og Israel. 

 Tuva Bogsnes / UD
LØYSINGAR: Barth eide møter ei rekke ministrar i Madrid for å finne ei løysing på den pågåande konflikten på Gaza. Foto: Tuva Bogsnes / UD

Eide seier fleire og fleire land no blir tydelegare i si støtte til Palestina. 

– Det er eit teikn på at land som tidlegare har vore forsiktige i sin kritikk av Israel, er blitt tøffare, seier Eide til TV 2. 

Politisk løysing

Den humanitære situasjonen på Gaza blir verre dag for dag. Presset aukar på Israel for å sleppe inn naudhjelp og iverksette ei våpenkvile. 

Nyleg opna fleire land opp for sanksjonar mot Israel dersom elendigheita ikkje tar slutt. 

 Ronen Zvulun / Reuters / NTB
TRAPPAR OPP: Det er ei veke sidan Israel starta ein ny offensiv i det palestinske området. Foto: Ronen Zvulun / Reuters / NTB

– Det vi er opptatt av i denne forsamlinga, er vegen vidare. Då kan sanksjonar bidra til å legge ytterlegare press på Israel, seier han, men legg til at dette møtet ikkje i første omgang vil handle om sanksjonar. 

Han skildrar situasjonen på Gaza som katastrofal, og seier det internasjonale samfunnet må halde fram innsatsen mot ei politisk løysing på konflikten.

Han meiner møtet i Madrid er eit viktig steg på vegen. 

– Midt oppe i tragedien, er det meir diplomatisk aktivitet enn på lenge, seier Eide. 

Read Entire Article