Pilotprosjekt:
– Det gjer meg betenkt, seier leiar i Norsk foreining for allmennmedisin om apotek-kjede sitt nye prosjekt.

Publisert 08.06.2025 14:25 Sist oppdatert 1 minutter siden
Debatten rasar om korleis helsevesenet kan bli avlasta. Sjukepleiarar og fastlegar fortel at dei er overarbeidde, og ikkje har ressursane til å gjere oppgåvene sine på måten dei ønsker.
Apotek 1 fortel til TV 2 at dei vil bidra til avlastinga, og lanserer derfor eit pilotprosjekt dei meiner skal hjelpe.
Kritikarane åtvarar om at prosjektet kan belaste helsevesenet enno meir.

Vil vere ein del av løysinga
Prosjektet gjeld fem apotek: i Drøbak, Brandu, Majorstuen, Lena og Fokserød. Prosjektet vil vare i to månadar, med moglegheit for forlenging.
Der kan no du ta blodprøvar, som vil avdekke risiko for vanlege sjukdommar.
I fyrste omgang vil prøvane måle langtidsblodsukker og kolesterolnivå. Dei kan indikere risiko for diabetes og hjarte- og karsjukdom. Begge prøvane kostar 249 kroner.
– Dette er to sjukdomsområde som mange er råka av, kor vi trur vi kan vere ein del av løysinga, seier PR- og kommunikasjonssjef Mai-Bente Lind-Paulsen i Apotek 1.
Dei ønsker å nå ut til personar som trur dei kan vere i faresona, når det gjeld alder, livsstil eller familiehistorikk.
– For mange kan det vere ein terskel for å gå til legen, derfor ynskjer vi å vere eit tilbod som gjer at fleire testar seg.
Etter prosjektet er ferdig vil det bli tatt ei vurdering om kor vidt prosjektet skal halde fram, eller bli bygga på vidare.
Går imot sin hensikt
Ikkje alle er nøgde med prosjektet. Fastlege og leiar Norsk foreining for allmennmedisin, Marte Kvittum Tangen, er skeptisk.
Tangen meiner farmasøytane ikkje har legekompetansen som trengst, og det vil føre til ein auke i ressursbruk.

Blodprøvar krev mykje kvalitetskontroll, og resultata kan bli påverka om det ikkje blir gjort skikkeleg. Ho reagerer særleg på at apoteket brukar stikkprøvar i fingeren.
– Når det gjeld kolesterolprøvar, gir det enno meir usikre resultat. Det stiller òg større krav til kontroll av analyseapparata.
Tangen meiner dette kan belaste helsevesenet enno meir.
– Om dei som skal tolke resultatet blir usikre, så blir du tilvist til fastlegen. Då har du tatt ein blodprøve utan grunn, og må ha ein unødvendig kontroll.
Ho stiller også spørsmål om kor nyttige prøvane faktisk er.
– Når vi tek blodprøvar, treng vi kunnskap om pasienten. Det held ikkje med ein referanseverdi, seier Kvittum Tangen.
Når det gjeld måling av kolesterolnivå, er det for eksempel viktig å tenke på familiehistorikk, blodtrykk og røyking, nemner ho.

I tillegg er ho bekymra for dei økonomiske interessene bak.
– Det er ein grunn til at det er skilnad mellom kjøpar og seljar. Å ha økonomisk gevinst av å påvise sjukdom gjer meg betenkt.
Tangen meiner prosjektet går i mot sin hensikt, og peiker på at det ein del av ein ny trend i samfunnet.
– Vi har fått ei utvikling frå diagnose og behandling, til ei forventning om å optimalisera kvar enkelts helse. Det gir ikkje betre helse for befolkninga, avslutt ho.
Ueinige i kritikken
Apotek 1 er ueinig i kritikken. I ein epost svarar Lind-Paulsen at dei som blir sendt vidare til lege er dei som har fått påvist auka verdi, og dermed bør bli følgt opp av lege. Ho legg også til:
– Vi fangar dermed opp de som ikkje ville gått til legen elles, og det vil jo kunne forhindre alvorlege hjarte- og karsjukdommar. Det tenker vi er bra for folkehelsa.
Lind-Paulsen meiner prøvane er naudsynte, særleg fordi sjukdommane kan vere vanskelege å avdekke tidleg.
– Diabetes og høgt kolesterol er ofte noko som kjem snikande og man må testast for å vite. Høgt kolesterol er ofte ikkje noko man kjenner man har, og gjennom prøvene kan man avdekke om man faktisk har det.
Ho avisar og kritikken om at dei tilsette ikkje har kompetansen som trengst til å ta blodprøvar.
– Alle som tar prøver i våre apotek har vore gjennom relevant opplæring for å kunne ta prøvene. Både apotekteknikare og farmasøytane er helsepersonell.
Ho avsluttar med å seie at ho meiner det ikkje er ein motsetning mellom å vere ein profesjonell aktør med forretningsrift, og å levere trygge, kvalitetssikra helsetenester.