Viktor Orban er i Kyiv

2 days ago 8



2. juli 2024 kl. 07:48

Nyheitsbyrået Reuters melder at Viktor Orban har landa i Kyiv tysdag morgon.

Det stadfestar Orbans talsperson.

Orban skal ha samtalar med president Volodymyr Zelenskyj.

Dette er første gongen Orban er i Ukraina etter den russiske invasjonen. Han er kjend for å vere ein av dei mest prorussiske leiarane i Europa og har vore kritisk til EUs støtte til Ukraina.

Orban tek i desse dagar over som leiaren for formannskapet i EU-parlamentet, eit verv som går på rundgang.

Dei to statsleiaraen skal diskutere fred, og samarbeidsavtalar mellom Ungarn og Ukraina.

Read Entire Article