Julemusikken strøymer ut frå radio og skjermar, handlegater og konsertscener. Men medan me syng «Deilig er jorden» ved julekonsertslutt, byggjer vi ned dei strukturane som skal sikre at framtidige generasjonar kan synge saman.
Knappe rammeressursar i grunnskulen, nedlegging av musikklinjer og kutt i kunstfag er ikkje berre budsjett – det handlar om kultur, helse og identitet.
Musikk som eit usynleg samfunnslim
«Vi e venna førr livet!» runga det utover hallen i VM-handballkampen mellom Norge og Montenegro denne veka då fotballfansen frå Bodø-Glimt stakk innom og viste kva stemmebanda deira var i stand til: å løfte fram eit nasjonalt idrettsfellesskap.
Forsking viser at felles musikk- og songopplevingar styrkar sosial tilhøyre og kan vere helsefremjande. I jula er musikken som julepynten: den skapar ekstra stemning i rommet, gir arrangement og samlingar meining og den samlar oss.
I musikk og når me syng saman, deler vi noko ord ikkje kan uttrykkje. Men kva skjer når musikk blir redusert til ei algoritmeliste med generisk produsert bakgrunnslyd frå ein høgtalar? I dag kan kunstig intelligens lage ny og iøyrefallande musikk på få sekundar. Men KI kan ikkje skape fellesskap, heie fram landslaget med song eller vidareføre konserttradisjonar. Fellesskap kan ikkje automatiserast.
Kven skapar musikken?
Musikk er identitet. Den fortel kven vi er og kvar vi kjem frå. Likevel ser vi ei utvikling der song som begrep har forsvunne frå læreplanane, og musikkfaget i grunnskulen får stadig mindre plass.
Tre år med KI: – Det blir bare heftigere for hver dag
Færre lærer å spele eit instrument, færre lærarar har musikk i fagporteføljen, og allsongen blir borte frå kvardagen. Debatten om nedlegging av musikklinjer i vidaregåande skule er eit symptom på dette. Når fylkeskommunane kuttar estetiske fag, byggjer vi ned grunnmuren i kulturen. Det er ikkje berre eit tap for dei som vil bli profesjonelle musikarar – det er eit tap for oss alle. For fellesskapet. Vi treng ikkje mindre musikk. Vi treng meir – og vi treng strukturar som gjer det mogleg å lære, skape og dele musikk.
Når strukturane bryt saman
Fjerning av ord i læreplanane, nedlegging av musikklinjer og kutt i estetiske fag er ikkje små justeringar – det er fundamentale endringar i kulturbygginga vår. Vi mistar ikkje berre fag, me mistar eit felles repertoar og ein arena for kreativitet.
Kristiansand har ambisjonar om å vere ein kulturby. Då må kommunen ta ansvar og satse på kultur også i skule og fritid. Lærarane gjer ein kjempejobb med dei få ressursane dei har, men initiativ som Krafttak for sang viser at det er mogleg å løfte songen tilbake til ein naturleg del av kvardagen. Kanskje tida er inne for eit lokalt krafttak: gjer Kristiansand til ein syngande kommune!
Lever religiøsiteten i alt christ-maset?
Åpen
For kva er eit samfunn utan song? «Tider skal komme, tider skal henrulle, slekt skal følge slekters gang» - denne strofa minner oss om at kommande generasjonar også treng å få del i dette: at musikk og song ikkje berre er lyd, det er eit usynleg lim i samfunnet!
Eg kjenner at det betyr noko for meg å synge dei same songane saman med borna mine og foreldra mine. Når me syng saman, deler me noko ord ikkje kan uttrykke. Dette fellesrepertoaret blir mindre og mindre, men julesongane er framleis ein fellesnemnar. Dei minner oss om at vi treng meir enn algoritmar og høgtalarar. Vi treng menneske som syng saman.
Dette krev politiske prioriteringar og lokal vilje. Kultur er ikkje pynt – det er limet som held oss saman.












English (US)