Vi seier nei til Statkraft

1 week ago 8



Vinden tar tak i Bygland på nytt. Akkurat som ved stormen Amy så gjeld det å halde seg fast og satse på at løetaket vert liggjande.

Voileheia i Bygland. Foto: Torkjel Sandnes

Statkraft ynskjer å ta oppatt tråden der Asko slapp. Vøyleheia er på nytt tema for utbygging av vindkraftverk. Skilnaden denne gonga er at det er signera grunneigaravtalar utan noko vidare dialog med grunneigarane rundt. Dei fleste av oss las om dette prosjektet for første gong i eit innlegg i Setesdølen, sjølv om vi eig det meste av eigedomane kring det arealet som vert presentera.

Med dette innlegget ynskjer grunneigarane i Jordalsbø nok ei gong å syne utbyggar og politikarar at nærmiljøet seier nei til vindkraft i Urdehei.

Denne typen utbyggingar får store konsekvensar for alle bebuarar i eit lite bygdesamfunn. Det vert argumentera med å leggje til rette for framtidig busetting og drift på gardane. At eit vindkraftverk vil skape inntekt og aktivitet i ei eller anna form er det nok liten tvil om. Sanninga er vel at til tross for dette, så er det veldig få av oss som bur på garden fordi det er god butikk. Me bur her fordi me likar å bu i små samfunn med natur, fridom og ro til å utøve dei aktivitetane som følgjer med.

Dersom ein i praksis legg beslag på store delar av heieområda våre, forsvinn noko av sjølve grunnlaget for at vi bur her vi gjer. Ved store kraftinntekter på ein gard, aukar òg taksten på garden voldsomt. Dette kan i neste omgang skape utfordringar når neste generasjon skal overta og eventuelt kjøpe ut andre familiemedlem. I ytre konsekvens må garden gå ut av familien fordi ingen har råd til å overta.

Lanserer vindkraft­planar i høgfjellet

Debatten som går føre seg nå er om ein skal akseptere eit planinitiativ frå Statkraft som medførar konsekvensutgreiing i neste ledd. Argumentasjonen er at meir kunnskap er aldri negativt, og at kommunen har moglegheit til å stoppe prosjektet fleire gonger seinare. Ei konsekvensutgreiing vil ta føre seg tema som støy, skuggekast, iskast, forureining, påverknad på natur (fugl, reinsdyr osv.), ljosforureining mm. Prosjektering av vindkraftverket vert derimot gjennomført etter at konsekvensutgreiinga er gjennomført.

Det vil seie at vegtraséar, plassering av turbinar, terrenginngrep, produksjonskapasitet mm. ikkje er på plass før etter at kunnskapsgrunnlaget er gjennomført og godkjent. Konsekvensane som vi som bur her lokalt bryr oss om, får vi difor svært lite ny kunnskap om. Kven som potensielt må flytte frå hus og heim fordi nye vegtraséar skal gjennom Jordalsbø eller Lidi, kor me kan vere og ikkje vere vinterstid, kor ser ein turbinane frå, kva inntekter og erstatningar kan ein sjå føre seg og mykje meir får vi ingen ny kunnskap om.

Store vindkraftplaner truer

Åpen

Når ei konsekvensutgreiing først er gjennomført, er det ekstremt sjeldan at ein planprosess etter plan- og bygningslova stoppar. Ei konsekvensutgreiing vert i hovudsak nytta til å finne avbøtande tiltak innanfor planområdet. På bakgrunn av at konsekvensutgreiinga i liten grad vil gi kunnskap om førehald som er viktige for oss som lokalsamfunn, meiner me at det riktige og ansvarlege tidspunktet for å stoppe initiativet er nå.

Agder produserte i 2024 nest mest kraft av alle fylker i Noreg (over 18.000GWh), berre slått av Vestland. Setesdal har hatt mange store kraftutbyggingar som utraderte mange gardar og eigedomar for 50-60 år sidan. Samfunnet har nytt godt av dette, òg kommunane. Spørsmålet er derimot om ikkje nettopp Setesdal har tatt si bør for samfunnet innanfor dette temaet.

I nyleg vedteke kommuneplan for Bygland er det lagt strenge føringar for kva ein kan gjere i heieområda. Det pågår òg arbeid knytt til både tiltaksplan for villrein og ny regionalplan for heiane våre. Felles for alle desse er å innskrenke tiltak og aktivitet som kan gjennomførast i desse områda basert på statleg ynskje om vern av naturverdiar.

Nytt vindkraft­verk får turbinar som er over 200 meter høge

Staten ved NVE har òg nyleg avslått konsesjonar knytt til småkraftverk i kommunen vår av same omsyn. At det då i neste omgang skal vere greitt å rasere både heiane og livsgrunnlaga for bygdesamfunn gjer at respekten for statlege avgjersler fell.

Som politikarar i kommunestyret sit ein som representantar for oss innbyggjarar i kommunen. Ved førre val var mange tydelege på kva ein meinte i vindmølledebatten, og mange stemmer kom deretter. For å sitere Arbeiderpartiet sitt partiprogram:

«Det gode livet rundt fjorden og ein rik og tilgjengeleg natur er nokre av våre viktigaste fortrinn, og noko vi vil arbeide for å bevare, utvikle og gjere meir kjent og tilgjengeleg.»

Storparten av grunneigarane i Jordalsbø ynskjer med dette å utfordre politikarane våre til å stå ved både valløfter og partiprogram. For å sikre vidare busetting og utvikling av grendene våre er vi i første omgang nøydd til å oppretthalde grunnlaget for oss som bur her frå før.

Helsing grunneigarar og framtidige grunneigarar i Jordalsbø.

Read Entire Article