I dag skrev NRK om Marianne Lucia Hansen, som fekk ein permanent augeskade av laserlys på russetreff.
Førre veke mista ein russ på Sørlandet synet som følge av det same.
Helse- og omsorgsminister, Jan Christian Vestre reagerer.
– Desse sakene opprørar meg. Ingen skal måtte risikere å miste synet sitt på ei russefeiring, skriv Vestre på e-post til NRK.
No vil ministeren stramme inn på reglane.
– Eg kjem innan veldig kort tid til å sende eit oppdrag til Direktoratet for strålevern og atomtryggleik.
Der vil han be dei om å gjennomgå eit forslag om å stramme inn regulering av lasere og sende dette ut på høyring.
– Det er tydeleg at bruk av lasere bør verte stramma inn. Det gjeld handheving av eksisterande regelverk, men også ytterlegare innstramming, skriv Vestre.
Publisert 27.05.2026, kl. 15.21 Oppdatert 27.05.2026, kl. 15.36








English (US)