Verdsrekorden til Trond i friidrett står – 48 år etter

1 month ago 21



Karsten Warholm og 45,94 er ikkje den einaste norske verdsrekorden i friidrett som framleis er gjeldande.

Det er også Trond Ullebergs 21,65 meter.

Det er rett nok ein kulestøytrekord for ungdom, men han har til gjengjeld blitt ståande i 48 år.

– Eg tenker ikkje på det til dagleg, men eg går inn og sjekkar den lista kanskje ein gong i året, for å sjå om eg framleis står med rekorden, seier Ulleberg til NRK.

Kulestøter Trond Ulleberg

Da barndomsklubben Efteløt IL feira 75 år i 2009 viste Trond Ulleberg at han framleis har bra støyt i høgrearmen.

Foto: OLE JOHN HOSTVEDT / Laagendalsposten

Vil døy med rekorden

Fredag startar kuleøvinga i Paris-OL. Det norske håpet er Marcus Thomsen, som blei nummer 8 i EM for nokre veker sidan. Trond Ulleberg kjem til å følge med frå TV-stolen, vel vitande om at han har ein rekord ingen har slått.

– Eg er ikkje redd for å miste han, men når eg først har hatt han i 50 år, da kan han jo jammen meg stå dei siste åra eg har igjen å leve, så kan eg døy som verdsrekordhaldar, seier han og ler.

5. oktober 1976 leverte han ein støyt med trekiloskula på 21,65 meter – noko som er den lengste støyten i verda av ein 14-åring.

Trond Ullebergs kulerekord står fortsatt på listene.

– Friidrett er ein verdsidrett, og dei tre mest utbreidde øving blant unge er 60 meter, lengde og kulestøyt, for det er lett å organisere. Så det har jo vore nokre millionar ungdom som har kasta i verda dei siste 50 åra, og teknikken og treningsmetodane har blitt betydeleg utvikla, seier Ulleberg.

NM-bronse som 45-åring

– Det er spesielt å tenke på at eg som ungdom var så ekstrem, at det ikkje har vore ein einaste ungdom som har klart det eg gjorde, seier 62-åringen.

Kraftkaren frå Kongsberg sette 13 verdsrekordar og 96 norske rekordar i tenåra, i kule, slegge og diskos, skriv Laagendalsposten.

– Eg var enda eit barn som hadde eit ekstremt aktivitetsnivå, og så var eg tidleg utvaksen. Eg var dessutan ekstremt treningsivrig.

Ulleberg tok den første NM-medaljen sin i 1983, da han tok sølv i kulestøyt. I 2007 var han tilbake på stadion, og han tok NM-bronse – som 45-åring.

– Dei ærlegaste menneska

Nå er kula lagd på hylla, men Trond Ulleberg er ikkje ferdig med idretten. Den pensjonerte idrettsprofessoren har eit brennande engasjement for breiddeidretten – som han kallar gledeidretten.

Han jobbar derfor med å integrere psykisk utviklingshemma i idrett og kulturelle aktivitetar.

– Dette er dei ærlegaste og flottaste menneska som finst. Dei er så oppriktige og rett fram. Dei treng vår hjelp, men vi treng også dei, seier han.

Og fortset:

– For når du omgåst med så fine menneske, så gjer det noko med oss som jobbar med dei òg. Vi blir litt betre menneske.

Publisert 01.08.2024, kl. 21.33

Read Entire Article