– Dette er nokre av dei største arkeologiske skattane i Norden, seier Hans Stenøien, museumsdirektør ved NTNU Vitskapsmuseet.
– Det er særdeles spesielt, seier han oppglødd.
Snart kjem nokre av dei over 900 år gamle «Lewis-brikkene» til Trondheim.
Ikkje berre går brikkene for å vere verdas mest kjente sjakkbrikker. Dei blei truleg også laga i Trondheim.
– No kjem dei heim, seier Stenøien.
Professor James Barrett, prosjektleiar Tove Eivindsen og museumsdirektør Hans Stenøien gler seg til brikkene er på plass. Enn så lenge har dei berre modellar av sjakkbrikkene.
Foto: Stein Roar Leite / NRK– Ansiktet til mellomalderen
Stenøien fortel at det går ein diskusjon i fagmiljøa om kor brikkene blei laga, men at sjansen er stor for at brikkene i elfenbein frå kvalross har sitt opphav i Trondheim.
– Det er ein diskusjon som går føre seg, men dei fleste meiner nok at det er rimeleg sikkert at dei blei laga i Trondheim på 1100-talet.
Totalt er det funnen 94 brikker frå det same settet. Nokre av brikkene kjem til Trondheim.
Foto: Trustees of the British MuseumProfessor i arkeologi ved NTNU, James Barrett, fortel at brikkene er ikoniske.
– Dei er nokre av dei mest ikoniske objekta frå mellomalderen som eksisterer.
Vanlegvis er brikkene utstilt på British Museum i London. Der er dei blant dei mest besøkte gjenstandane i samlinga, fortel professoren.
– I tillegg er dei veldig kjent i populærkulturen.
– Dei er ansiktet til sjakk i mellomalderen, på mange måtar ansiktet til sjakk og også ansiktet til mellomaldersamfunnet.
Laga i Trondheim
Barrett fortel at det ikkje er rart at brikkene blei laga i Trondheim – eller «Nidaros» som byen heitte på 1100-talet.
– Trondheim var eit viktig handelssentrum for kvalross-elfenbein. Spesielt frå Grønland, men også frå Nord-Norge.
Ein har tidlegare gjort funn som viser at både elfenbein og kvaltenner blei foredla i Trondheim.
– Men det viktigaste er den kunstnariske tilknytinga.
– Ansikta og utskjeringane på brikkene matchar utskjeringar på skulpturar i Nidarosdomen, på kyrkjer i Trøndelag og andre objekt i elfenbein som har blitt funnen i Trondheim.
Namnet sitt har derimot brikkene fått fordi dei blei funnen på øya Lewis, ei av øyene i øygruppa Hebridane.
I dag er øyene ein del av Skottland, men på 1100-talet var dei underlagt den norske kongen.
Sjakkbrikkene blei funnen på øya Lewis i 1831.
– Ein stor oppleving å sjå dei
Sjakkekspert Atle Grønn seier det er stort at brikkene kjem til Trondheim. Han har sjølv sett brikkene på British Museum i London.
– For meg var det ei stor oppleving å sjå dei.
Han fortel at sjakkbrikkene tidlegare ikkje har vore så godt kjent i sjakkmiljøet, men kjennskapen til dei har auka dei siste åra.
– Før var det vel meir kontroversielt at brikkene blei laga i Trondheim også.
– Det var mellom anna ein krangel mellom islandske og norske sjakkhistorikarar om kor brikkene kom frå.
Atle Grønn har mellom anna skrive boka «Sjakken eller livet - ein reise i sjakkens unike skjebnar, historie og kultur».
Foto: Fredrik HagenOm sjakkspelarar i Noreg kjem til å valfarte til Trondheim for å sjå brikkene er Grønn derimot usikker på.
– Sjakkspelarar er veldig ulike menneske. Nokon er interessert i historia og kulturen, andre er berre drivne av sjølve spelet.
– Sjølv synest eg sjakk utan historia og kulturen rundt er mykje fattigare.
Men å spele eit parti med brikkene er ikkje Grønn så interessert i.
– Det hadde jo vore ein gimmick. Men det hadde vore gøy å ha brikkene heime hos seg sjølv.
– Eg har jo ein del pynte-sjakkbrett. Dei er veldig fine, men ein spelar jo ikkje på dei.
Wingfield-Digby bispestaven kjem også til Trondheim. Den eine sida viser St. Olav, den andre ein uidentifisert biskop.
Foto: Victoria and Albert MuseumEkstra sikkerheit
Å spele eit parti med dei 900 år gamle brikkene lar seg uansett ikkje gjere.
Vitskapsmuseet set inn ekstra sikkerheitstiltak når dei verdifulle skattane kjem på besøk. Mellom anna blir brikkene plassert i montrar med ekstra tjukke glas.
Brikkene kjem til Trondheim som del av utstillinga «Havets elfenbein».
Det blir gjort ekstra sikkerheitstiltak i forkant av at brikkene kjem. Enn så lenge er det berre modellar av brikkene som er på plass.
Foto: Stein Roar Leite / NRKDet vil også bli mogleg for publikum å sjå andre gjenstandar som mellom anna eit skrin av kvalross-elfenbein og eit hovud på ein bispestav frå 1300-talet.
Frå Nationalmuseet i København kjem også det såkalla «taukorset» frå Munkholmen i Trondheim.
Utstillinga opnar 6. mai.
Publisert 11.03.2025, kl. 12.02