Vart forfølgt i ti år

1 day ago 1



For Asgeir Knudsen vart eit tilfeldig møte etter ein jobbkonferanse, starten på eit ti år langt mareritt.

Stygge og ubehagelege meldingar hagla inn på mobilen hans, og både barna hans og ordføraren i heimkommunen, vart blanda inn.

– Eg trur eg har meldt ho til politiet over tusen gonger, seier han om kvinna som stalka han.

NRK har vore i kontakt med kvinna, og ho ønskjer ikkje å medverke i saka.

På 12 år har talet på dei som seier dei har opplevd stalking, dobla seg.

Det viser ei undersøking Norstat har gjort for NRK.

bakhodet til en mann med grått hår som kikker fremover i folkemengden

Asgeir har kjent på mykje skam etter at han vart stalka i ti år.

Foto: Daniil Thorkild Ryvænge / NRK

Stalking-eksplosjon

Kvar fjerde kvinne i Noreg seier at ho har opplevd å bli stalka.

Og gutane slepp heller ikkje unna.

Meir enn kvar tiande mann i Noreg har blitt stalka, og det er nesten ei tredobling på 12 år.

Dei fleste undersøkingar viser at det er flest menn som stalker.

I andre sesong av NRK-podkasten Stalker møter vi derimot fleire som har opplevd å bli stalka av kvinner.

Mellom anna Asgeir.

Podkasten kan du høyre her:

Nøyaktig kor mange kvinner som stalker, er det ikkje noko heilt klart svar på.

Men i fjor blei 8 kvinner meldt til politiet for stalking, og nesten tusen fekk besøksforbod.

Jobbflørten som gjekk skeis

– Eg har mange gonger hatt lyst til å grave meg ned i sanden, seier Asgeir i dag.

Det starta på ein jobbkonferanse for nokre år sidan, da han var nyseparert.

En mann med grått hår og gule briller som går langs gata, bildet tatt i bevegelse bak en busk

Eit tilfeldig møte vart til eit levande mareritt for Asgeir.

Foto: Daniil Thorkild Ryvænge / NRK

Nokre dagar etterpå, fekk han ein e-post frå ein svensk, kvinneleg forskar.

Kvinna hadde lagt merke til Asgeir på konferansen.

No trengte ho ein plass å bu.

Asgeir lét ho bu hos seg, og gav ho nøkkel til huset.

Det blei starten på ein jobbflørt som gjekk skikkeleg skeis.

Ikkje overraska

– Det er diverre som forventa, seier Kjersti Narud om den store stalking-auken.

Ho er senioroverlege ved Oslo universitetssjukehus, og har mellom anna forska på stalking.

Narud peiker særleg på framveksten av sosiale medium som årsak.

  • Portrettbilde av en kvinne med kort hår og sort, høyhalset genser

    Kjersti Narud

    • Senioroverlege ved Oslo Universitetssjukehus og førsteamanuensis
    • Har forska på stalking

– Det er blitt ein eksplosjon dei seinaste åra. Det er mange plattformer, mange moglegheiter til å kommunisere. Sånn sett er det noko enklare å nå personar enn det var for ein god del år sidan.

Har du opplevd stalking?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Som å trykke på ein knapp

Asgeir og kvinna han inviterte inn i huset sitt, innleia eit seksuelt forhold.

Men etter kvart la han merke til noko merkeleg med kvinna.

– Eg begynte å ane at ho visste mykje om meg, ting som eg veit eg ikkje har fortalt ho, seier han i NRK-podkasten Stalker, kor han fortel si historie.

En mann med grått hår som ser framover med en bygning i bakgrunn

Det er gått nokre år sidan Asgeir vart plaga av stalkeren sin, men han er framleis prega av det han har opplevd.

Foto: Daniil Thorkild Ryvænge / NRK

Kvinna visste mellom anna om avtalen Asgeir og ekskona hadde om barna, helsa til foreldra hans, og ting han berre skreiv i dagboka si.

– Eg opplevde ein utryggleik, fordi eg begynte å skjønne at det er et eller anna gale her.

En mann med grått hår og gule briller som kikker framover, bildet tatt bak et vinduet

Asgeir vart forfølgt i ti år.

Foto: Daniil Thorkild Ryvænge / NRK

Asgeir trudde at ho jobba og heldt på med forsking. Men kvinna gjorde noko heilt anna når ho var åleine i huset hans.

Kvinna laga seg ein eigen Asgeir-server, kor ho lagra alt av informasjon ho klarte å finne om han.

Etter kvart ønska Asgeir å avslutte forholdet, mens ho ønska å fortsette.

– Ho vart jævlig aggressiv, det var som å trykke på ein knapp. Eg fekk så øra flagra, seier han.

– Skamma er så enorm

Kvinna terroriserte Asgeir over telefon, og ho sende grove meldingar.

Når det ikkje funka, gjekk ho hardare til verks.

– Det var så pinleg for meg at eg visste ikkje kva fot eg skulle stå på da ho heldt på med det der.

En mann med grått hår som ser på mobilen sin bekymret

Asgeir fekk mange ubehagelege meldingar og oppringingar frå stalkeren.

Foto: Daniil Thorkild Ryvænge / NRK

Bilete av underlivet til Asgeir, som han hadde sendt i fortrulegheit til kvinna, sende ho vidare til foreldra hans, ungane, ekskona og ekskona sine venninne.

Biletet gjekk også til den kvinnelege ordføraren i heimkommunen til Asgeir.

– Skamma er så enorm. Alle har sett pikken min, liksom. Det er ikkje noko gøy, seier han i Stalker-podkasten til NRK.

Dommen

Kvinna som stalka Asgeir, vart i 2018 dømd til fengsel i halvanna år.

Og fordi Noreg fekk ei ny lov i 2016, den såkalla stalking-paragrafen, vart ho Noregs første stalkingdømte kvinne.

NRK har vore i kontakt med den svenske forskaren, og ho ønskjer ikkje å medverke i saka.

Det er gått nokre år sidan Asgeir vart plaga av stalkeren sin.

Sist gong han meldte ho til politiet, var i 2021.

Framleis er han prega av det han har vore gjennom.

En mann med grått hår og gule solbriller som kikker på siden av seg

– Det å snakke, trur eg er veldig viktig, seier Asgeir i dag.

Foto: Daniil Thorkild Ryvænge / NRK

– Eg er redd for å hamne i situasjonen igjen. Du er aldri trygg, du går heile tida rundt og ser deg over skuldra om ho er der. Det kjenner eg på, men det har gradvis sleppt taket.

– Gjer du det no i dag?

– Av og til, så kan eg gjere det. Men no går eg ikkje rundt og tenkjer på ho dama der, seier han.

Viktig å snakke om det

Opplever du å bli stalka?

Asgeirs råd til deg er å dokumentere alt av meldingar og andre bevis på at du blir stalka, og å melda det til politiet.

Men det er ikkje tvil om kva han meiner er det viktigaste:

– Det beste rådet mitt, og det vanskelegaste, er å snakke med sine nærmaste om det. Eg trur det er så viktig, å ikkje legge skjul på det.

Her kan du høyre første sesong av podkasten Stalker:

Publisert 13.04.2026, kl. 06.06

Read Entire Article