Varmgang i powerbank på SAS-fly - måtte nødlande på Værnes

2 hours ago 2



Politiet fekk melding litt over klokka 12 søndag om eit fly med brannutvikling i kabinen.

– Fire-fem personar frå crewet vart eksponerte for røyk frå ein brennande gjenstand i kabinen. Dei er sjekka av helsepersonell og dimitterte, seier operasjonsleiar i politiet, Øystein Sagen, til NRK.

Totalt var det 186 passasjerar om bord i SAS-flyet. Dei andre passasjerane har fått tilbod om helsehjelp dersom dei har behov for det.

Flyplass

Trondheim lufthamn i dag.

Foto: Bjørn Fuldseth/Bladet

Flyet var på veg frå Gardermoen til Tromsø då det måtte føreta ei naudlanding i Trondheim.

Varmgang i batteri

– Det oppstod varmgang i ein powerbank om bord på flyet. Mannskapet klarte ikkje å få ned temperaturen att. Derfor valde dei å lande på Værnes for å overgje han til brannvesenet, sieier vaktleiar Lars Lunde ved 110-sentralen for Midt-Noreg.

Han fortel at mannskapet har gode rutinar for å handtere slike situasjonar.

– Ut frå meldinga kunne det nok verke dramatisk, men mannskapet løyste det slik dei skulle, held Lunde fram.

Det blei først opplyst om at det var brannutvikling i cockpit. Dette blei seinare retta av politiet til kabin.

Flykart

Grafikk: FLIGHTRADAR

– Den brennande gjenstanden er teken ut av flyet, og nødetatane har kontroll på staden. Eg veit ikkje kva gjenstand dette er. Det må vi kome tilbake til, seier Sagen til NRK.

Politiet vil gjere undersøkingar for å kartleggje hendinga, melder politiet.

Det er ikkje meldt om personskade. Politiet vil undersøker hendinga.

Publisert 15.02.2026, kl. 13.07 Oppdatert 15.02.2026, kl. 13.50

Read Entire Article