Var mindreårig da Arne Bye skal ha valdtatt henne

2 days ago 9



Arne Bye er tiltalt for å ha valdtatt henne under ei gynekologisk undersøking.

Da undersøkinga fann stad var ho 14 år gamal.

– Eg var kanskje ganske enkel å utnytte fordi eg var eit barn.

Arne Bye nektar straffskuld for å ha valdtatt kvinna som i dag er myndig. Han nektar også for å ha misbrukt stillinga si overfor henne.

Skulle ikkje på gynekologisk undersøking

Kvinna som fredag fortalde retten kva ho hadde opplevd på legekontoret i Frosta, er den yngste i tiltalen mot Arne Bye.

Ifølge tiltalen skal Bye ha valdtatt henne under ei gynekologisk undersøking ved å røre hennar klitoris og føre fingre inn i skjeden hennar utan at det var medisinske grunnar til det.

Ho var eigentleg på konsultasjon hos Bye for prevensjon.

– Eg skjønner ikkje heilt korleis konsultasjonen førte til at eg skulle på gynekologisk undersøking, fortalde ho retten.

Undersøkinga blei også filma.

– Eg synest det er veldig ubehageleg å tenke på, sa kvinna.

Kvinna si bistandsadvokat, Ingunn Kjelstad, seier saka er spesiell på grunn av kvinna si unge alder.

– Men ho har klart seg bra og eg er veldig imponert av henne i dag, seier Kjelstad til NRK.

Bye sine forsvararar viste video

Videoopptak frå undersøkinga blei vist for retten.

For første gong viste også Arne Bye sine forsvararar delar av videomaterialet for retten.

Han nektar for at noko straffbart blei gjort under undersøkinga.

– Det blei gjort ei grei gynekologisk undersøking, fortalde Bye i retten.

Bye sa også at det han gjorde under undersøkinga var avtalt på førehand med pasienten.

– Så det er ikkje noko overraskande situasjon. Alt blei gjort grundig og i ro, sa Bye.

Døren inn til rettssal 5 står åpen og vi kan skimte noen folk i bakgrunnen, men de er ute av fokus. Til høyre i bildet ser vi et skilt som viser hvilken rettssal det er

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

To fornærma var under 16 år

Bye er tiltalt for å ha misbrukt stillinga si for å oppnå seksuell omgang med 94 av sine pasientar. 84 av disse er han også tiltalt for å ha valdtatt.

Den eldste kvinna var 67 år da ho skal ha blitt valdtatt av den tidlegare kommuneoverlegen.

Kvinna som vitna fredag er ei av to fornærma som var under 16 år da dei skal ha blitt valdtatt.

Bye er likevel ikkje tiltalt for brot på paragraf 200 i straffeloven seksuell omgang med barn under 16 år.

– Det er slik at i denne tiltalen er det ikkje tatt ut ein tiltale for alle moglege straffebod som kan vere brotne, har statsadvokat Eli Nessimo tidlegare sagt til NRK.

Ho fortalde samtidig at omstende rundt eit lovbrot, mellom anna alder på dei fornærma, vil kunne påverke ei eventuell straffeutmåling.

Har erkjent å ha valdtatt 19 kvinner

Før rettssaka starta erkjente Bye tre tilfelle av valdtekt og 40 tilfelle av misbruk av stilling.

Etter at dei fleire kvinner har vitna og videobevis har blitt vist for retten, har det kome fleire erkjenningar frå Bye.

Når retten no tar juleferie har Bye erkjent å ha valdtatt 19 kvinner og 43 tilfelle av misbruk av stilling.

Så langt har 71 av dei 94 fornærma kvinnene vitna i retten.

Rettssaka mot Arne Bye fortset i Trøndelag tingrett 7. januar. Rettsforhandlingane skal etter planen vere ferdige 18. februar.

Hei!

Er du eller nokon du kjenner påverka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie å fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven vi burde snakke med?

Da vil vi veldig gjerne høyre frå deg!

All informasjon blir behandla konfidensielt.

Julie Haugen Egge, Henning Levold og Sunniva Skurtveit

Julie Haugen Egge, Henning Levold og Sunniva Skurtveit

Journalistar i NRK Trøndelag

Send oss ein e-post

Publisert 20.12.2024, kl. 17.11

Read Entire Article