Vi oppdaterer saka.
For første gong i historia vinn ein norsk film pris under Bafta-utdelinga.
Joachim Trier spøkte frå scena og sa at nordmenn vanlegvis er betre til å stå på ski.
Klokka 18 norsk tid gjekk britanes versjon av Oscar-utdelinga av stabelen.
Korkje Stellan Skarsgård eller Inga Ibsdotter Lilleaas vann for beste mannlege og kvinnelege birolle, trass i at fleire peika på dei som favorittar.
I staden var det Sean Penn i filmen «One Battle After Another» og Wunmi Mosaku i filmen «Sinners» som vann beste mannlege og kvinnelege birolle.
Men «Affeksjonsverdi» kan framleis vinne i fleire kategoriar.
– For meg er det alltid litt skremmande med sånne arrangement, men no har eg møtt menneska bak dei andre store filmane fleire gonger, og da er det lettare å slappe av, sa Renate Reinsve til Associated Press like før seremonien.
Det har vore knytt stor spenning til «Affeksjonsverdi» før Bafta-utdelinga i kveld. Ingen annan norsk film har kome nære åtte nominasjonar.
– Det er framleis ganske vilt. Det har ikkje gått heilt opp for meg, sa Inga Ibsdotter Lilleaas til nyheitsbyrået Associated Press.
Inga Ibsdotter Lilleaas vann ikkje prisen for beste kvinnelege birolle.
Foto: ReutersNRKs filmmeldar, Birger Vestmo, spådde at fire Bafta-prisar kunne vere innan rekkjevidde for «Affeksjonsverdi».
– Bafta-juryen har ei anna samansetting enn til døme Oscar-akademiet. Det er ein større andel europeiske filmskaparar med her.
No er det klart at det ikkje kjem til å skje.
Dei filmane som fekk flest prisar er «One Battle After Another», «Sinners» og «Frankenstein».
Prinsen og prinsessa av Wales er i publikum, trass i at det stormar rundt den britiske kongefamilien etter arrestasjonen av Andrew Mountbatten-Windsor.
Det var uvisse knytt til om dei ville dukke opp grunna den spente situasjonen. Men prins William er presidenten av Bafta, og kom saman med kona, prinsesse Kate.
Det er også politioppbod på utsida av Royal Festival Hall i London, der utdelinga går føre seg.
British Academy of Film and Television Arts (BAFTA) blir ofte omtalt som britane si Oscar-utdeling.
Akademiet blei etablert i 1947, og har 75-årsjubileum i år.
Målet er å heidre og framme kreative aktørar som har bidratt til å utvikle britisk film.
Oppvarming til Oscars
Bafta-utdelinga er ei god oppvarming til Oscar-utdelinga i mars, og kan kanskje gi ein peikepinn på korleis filmen kjem til å gjere det der, ifølge Vestmo.
Seremonien er sjølve høgdepunktet i perioden som i filmverda blir kalla Award Season, der mange prisutdelingar kjem etter kvarandre.
I januar vann Stellan Skarsgård pris for beste mannlege birolle under Golden Globes i Los Angeles.
Under European Film Awards i Berlin vann filmen heile seks prisar.
Før Oscar-utdelinga om tre veker har dei ni nominasjonar.
«Affeksjonsverdi»-gjengen fekk stor mediemerksemd da Oscar-nominasjonane blei kjend.
Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRKBBC Film har støtta «Affeksjonsverdi» økonomisk, noko som vekte oppsikt i det britiske filmmiljøet, ifølge det britiske filmmagasinet Screen Daily.
Kritikarane reagerte på at offentlege middel blei brukt på ein film som korkje hadde britisk regissør, britiske produksjonsselskap eller britiske historier.
Om det kjem til å spele inn på resultatet i kveld er uvisst, ifølge Vestmo.
Reinsve har fått ros for kjolane ho dukkar opp i. Bileta er frå Golden Globes og European Film Festival.
På førehand trudde fleire at sterke konkurrentar var «One Battle After Another» med fjorten nominasjonar. «Sinners» har tretten og «Hamnet» og «Marty Supreme» har elleve. Filmen «Frankenstein» har åtte nominasjonar, som er likt med «Affeksjonsverdi».
Publisert 22.02.2026, kl. 17.17 Oppdatert 22.02.2026, kl. 20.58















English (US)