Personar kan ha mange gode grunnar til å ville skjule om dei er reelle eigarar av eit selskap eller ei verksemd.
På den måten kan dei til dømes kome seg unna skatt eller sanksjonar, eller drive med korrupsjon eller terrorfinansiering.
Gjennom svært kompliserte eigarstrukturar, er det fort gjort å skjule kven som faktisk har kontroll og drar i trådane.
Meiner skjult eigarskap er sikkerheitsrisiko
Både Økokrim og Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM) meiner skjult eigarskap er ein trussel mot nasjonal sikkerheit.
Ofte blir Russland, Kina og Iran trekte fram som land det er knytt sikkerheitsrisiko til.
No blir det for første gong offentleg kjent at 1031 norske bedrifter blir kontrollerte av personar med russisk, kinesisk eller iransk statsborgarskap.
– Vi bør definitivt bry oss om dette frå eit sikkerheitspolitisk perspektiv, seier Andreas Fjeldskår, dagleg leiar i Tax Justice Norge.
Dagleg leiar i Tax Justice Norge, Andreas Fjeldskår.
Foto: Ragnhild Vartdal / NRK– Utanlandske eigarar kan ha interesse av å få informasjon og innflytelse i norske selskap som vi meiner dei ikkje bør ha, seier Fjeldskår.
– Vanvitig
Organisasjonen har gått gjennom det nye eigarskapsregisteret.
Allereie i 2015 bad Stortinget regjeringa om å lage eit offentleg eigarskapsregister, men det er først no, ti år seinare, at det omsider er på plass.
– Dette er eit betydeleg innsyn som vi ikkje har hatt før, og som vi må sjå mykje nærare på.
Dei har blant anna funne at:
- Russland: 381 norske bedrifter blir kontrollerte av personar med russisk statsborgarskap, medan 12 blir kontrollerte av personar som bor i Russland.
- Kina: 378 norske bedrifter blir kontrollerte av personar med kinesisk statsborgarskap, medan 32 blir kontrollerte av personar som bor i Kina.
- Iran: 272 norske bedrifter blir kontrollerte med personar med iransk statsborgarskap, medan kring 10 blir kontrollerte av personar som bor i Iran.
Når det gjeld selskap som driv med kritisk infrastruktur i Noreg, ser det slik ut:
- 15 selskap har reelle eigarar med russisk statsborgarskap
- 10 selskap har reelle eigarar med kinesisk statsborgarskap
- 11 selskap har reelle eigarar med iransk statsborgarskap
– Det er vanvitig å sjå at vi i nokre tilfelle ikkje har kontroll på kven som eig norsk kritisk infrastruktur, seier Fjeldskår.
– Ein grunn til at vi følgjer med
Han viser blant anna til at vi har hatt saker kor vi ikkje veit kven som eig norske vasskraftverk.
Kan eigarskap frå Russland, Kina og Iran vere problematisk for Noreg?
Nasjonal sikkerheitsmyndigheit seier det ikkje er eit problem i seg sjølv, men:
– Det er klart at det er ein grunn til at vi følgjer med på eigarskap når det kjem til dei verksemdene som er underlagt sikkerheitslova eller har betydning for nasjonal sikkerheit, seier NSM-sjef Arne Christian Haugstøyl.
Sjef i Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM), Arne Christian Haugstøyl.
Foto: Jonas Been Henriksen / NTBOgså PST følgjer tett med på russiske og kinesiske investeringar i Noreg. I si trusselvurdering skriv dei:
«Vi forventar at både Russland og Kina ønskjer å sikre sine nasjonale sikkerheitsinteresser gjennom investeringar i og oppkjøp av selskap og eigedom i Noreg».
Torsdag lanserer Tax Justice Norge heile si analyse av eigarskapsregisteret.
Finansdepartementet, som har ansvar for eigarskapsregisteret, har ikkje lese rapporten enda, og har difor ingen kommentar til innhaldet i den no.
– Generelt er større openheit om eigarskap i næringslivet eit viktig mål for regjeringa, seier statssekretær Torgeir Eikstad Micaelsen.
Publisert 12.11.2025, kl. 22.33



















English (US)