Ute av Meisterligaen etter straffedrama: – Fullt fortent

11 hours ago 7



Vitinha, Gonçalo Ramos, Ousmane Dembélé og Désiré Doué scora for PSG i straffesparkkonkurranse.

Berre Mohamed Salah gjorde det same for Liverpool.

Darwin Núñez og Curtis Jones bomma for Liverpool, som dermed er ute av den gjæve klubbturneringa.

– Du merka ei kjensle av angst då Núñez gjekk fram og skulle skyte, sa Stephen Warnock på BBC Radio 5.

– Fullt fortent at Liverpool ryk ut, sa TV 2-ekspert Jesper Mathisen.

PSG skal møte Aston Villa i kvartfinalen.

– Dei var heilt fantastiske i kveld. Ein kamp heilt på ypparste nivå. PSG var eineståande. Dei heldt på nervane i straffesparkkonkurranse, meinte Stephen Warnock.

en mann i blå trøye på en bane med et publikum som så på

AVGJORDE: Ousmane Dembélé scora på den fjerde straffa til PSG. Dermed var Liverpool ute etter å ha bomma på to av sine tre forsøk.

Foto: OLI SCARFF / AFP / NTB

Uventa trøbbel

I Premier League leiar Liverpool med heile 15 poeng på næraste utfordrar Arsenal, som rett nok har ein kamp til gode.

Også i grunnspelet i Meisterligaen var Liverpool overlegne med sju av åtte moglege sigrar.

1/8-finalen, over to kampar mot franske PSG, viste seg å bli langt tøffare.

en mann som holder hodet i hendene og en annen mann med hånden på hodet

UTE: Liverpool og manager Arne Slot.

Foto: Peter Powell / Reuters / NTB

PSG-sjansar

Beraldo og Désiré Doué hadde begge gode sjansar for PSG tidleg i første ekstraomgang.

I andre ekstraomgang hadde Ousmane Dembélé ein stor sjanse som Liverpool-keeper Alisson redda fint.

– Utruleg nervøs stemning på Anfield no, sa Jesper Mathisen i andre ekstraomgang.

Men ein dramatisk 1/8-finale i Meisterligaen måtte til slutt altså avgjerast på straffesparkkonkurranse.

to menn i sportsuniformer som spiller fotball

BERRE NESTEN: Mohamed Salah hadde to store sjansar tidleg i kampen.

Foto: Peter Powell / Reuters / NTB

Mot spelets gang

I det første oppgjeret i Paris var det PSG som skapte sjansane, men berre Liverpool som scora.

At dei elles så solide engelske ligaleiarane vann 1–0 vart rekna som svært ufortent.

I returkampen på Anfield skifta derimot laga både på å ha initiativet og å skape sjansar.

Mohamed Salah brente to sjansar tidleg.

– Han burde ha scora på begge, meinte tidlegare Liverpool-spelar Stephen Warnock på BBC Radio 5 Live si sending.

Like etter sjansane, i det 12. minutt, sende Ousmane Dembélé bortelaget i leiinga etter å ha pirka ballen i mål frå kort hald.

en person som hopper i luften

TIDLEG LEIING: Ousmane Dembélé sende PSG i leiinga.

Foto: Jon Super / AP / NTB

Liverpool tok over

Etter scoringa losna det spelemessig for PSG, som skapte fire store sjansar før pause.

Anten vart avslutningane for dårlege, eller så stod Liverpool-keeper Alisson i vegen.

Etter pause var det derimot Liverpool som tok over spelet igjen.

Før det var spelt 60 minutt hadde dei brent to store sjansar, i tillegg til ei nettkjenning frå Dominik Szoboszlai vart annullert for offside.

Liverpool hadde eit bra spelemessig overtak utover i omgangen, utan å kome til dei heilt store sjansane.

Rett nok vart det blåst for offside då Jarell Quansah heada i stonga, utan at TV-bileta gav noko godt svar på kvifor.

– Dei har hatt marginane med seg denne omgangen, men dei har jobba for dei marginane også, sa TV 2-kommentator Øyvind Alsaker om PSG.

en fotballspiller som sparker en ball

I STORFORM: Alisson tok alt i bortemøtet med PSG sist veke, og var svært god denne gongen også.

Foto: Jon Super / AP / NTB

Skremmeskot frå «Kvaradona»

PSG skapte lite i 2. omgang.

Georgiske Khvicha Kvaratskhelia, ofte berre kalla «Kvaradona» kunne derimot ha sendt PSG til kvartfinale tre minutt før full tid.

Langskotet hans gjekk derimot like over lengste kryss.

– Begge laga har mista energien, sa TV 2-ekspert Jesper Mathisen om utviklinga utover i 2. omgang.

Men det gjekk altså til ekstraomgangar.

en person i blå uniform på et jorde med andre menn i røde uniformer

BOM: Khvicha Kvaratskhelia brende ein stor sjanse i slutten av 2. omgang.

Foto: Dave Thompson / AP / NTB

Publisert 11.03.2025, kl. 23.42 Oppdatert 11.03.2025, kl. 23.57

Read Entire Article