– You can fuck off, skreik kanadiaren Marc Kennedy to gonger til svenske Oskar Eriksson.
Utbrotet kom etter den at den svenske curlingspelaren Oskar Eriksson fredag kveld skulda sin motspelar for å jukse. Han meinte nemleg at kanadiaren var borti steinen med fingeren etter den såkalla hogglinja, noko som er i strid med reglane.
Og det skal ikkje vere første gang, skal vi tru svenskane.
– Det er helt vilt. Eg har aldri sett noko liknande på ein curling-is. Det er opent bråk mellom Marc Kennedy og Oskar Eriksson, sa kommentatoren til SVT, Niklas Nord.
VIDEO: Her oppstår munnhoggeriet mellom kanadiske Marc Kennedy og svenske Oskar Eriksson.
Regjerande OL-meister Sverige har tapt alle sine tre kampar i den innleiande runden og det var etter at svenskane hadde tatt to poeng og redusert til 6–7 munnhoggeriet oppstod ute på isen i Cortina.
Etter kampen var Eriksson frustrert, og meinte dommarane ikkje handheva regelverket rett.
Canada sin kaptein Brad Jacobs berre ler etter curlingbråket som oppstod mot sine erkerivalar.
– Det er OL og då kan kjenslene ta over. Vi har møtt kvarandre ein million gonger og det her kjem til å blåse over, seier han i eit intervju med SVT.
Sverige tapte til slutt kampen 6–8.
IKKJE NØGD: Dei svenske spelarane var ikkje nøgd med oppførselen til Canada. Bilete frå SVT.
Meiner kanadiaren burde fått åtvaring
Videoen frå den oppheita curlingkampen har gått viralt og skapt reaksjonar verda over, med millionar av visningar på sosiale medium. NRK sin curlingekspert Christoffer Svae forklarar det som skjer ut på isen slik;
– Canada vil ikkje erkjenne at dei gjer denne feilen, og Sverige meiner dei gjer det. Så skal dei fram og be dommarane gå og sjå. Dommarane er usikre, medan på TV -bileta ser vel man ganske sannsynleg at Canada er borti denne steinen etter at den er sleppt på hogglinja.
ÅTVARING: NRK sin curlingekspert Christoffer Svae meiner den kanadiske spelaren burde fått åtvaring for munnbruken.
Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK / NRKHan meiner at svenskane mest sannsynleg blir ekstra provosert over at hovuddommaren er kanadisk. Men er mest overraska over den kanadiske reaksjonen.
– Det er påfallande kor hissig han blir når han blir tatt i det. Så det hadde kanskje vore ein meir naturleg reaksjon å gå og prate om dette litt meir roleg. Men han eksploderer jo og banner direkte mot den svenske spelaren Oskar Eriksson.
Han meiner utbrotet i seg sjølv burde gitt den kanadiske spelaren ein reaksjon.
– Det står også ganske klart og tydeleg i reglene at viss man har slike utbrot, så kan dommaren utvise spelaren. Det står ikkje at dommaren må utvise spelarane, men særleg om det gjentar seg, så er det ganske klart at det kan skje.
Han understrekar at curling er ein gentlemanssport og at slik ikkje høyrer heime på isen i ein curlingkamp på dette nivået.
KRITIKK: Marc Kennedy frå Canada må tole kritikk etter å ha banna til den svenske motspelaren.
Foto: Issei Kato / Reuters / NTB– Eg meiner at spelaren, som har det utbrotet, Marc Kennedy, i kvart fall burde fått kraftig tilsnakk, der og då for utbrotet, og ei åtvaring om at det høyrer ikkje heime her, seier Svae til NRK.
– Var dette eit regelbrot av Canada?
– På dei bilete eller videoen man ser, som har gått viralt no, ser det verkeleg ut som at fingeren til Mark Kennedy er og trykker på granitten i det steinen er på hogglinja. Men det blir jo litt spekulasjon, for man ser det ikkje supernøyaktig.
Barnsleg oppførsel
Også dei norske curlingherrane har fått med seg munnhoggeriet mellom Canada og Sverige.
– Det er litt barnsleg frå begge sider, synst eg, for å vere ærleg, seier Gaute Nepstad til NRK.
Han får støtte av lagkamerat Magnus Ramsfjell.
REAGERER: Dei norske curlingherrane Magnus Ramsfjell og Gaute Nepstad reagerer og kallar oppførselen for barnsleg.
Foto: Jøte Toftaker / NRK– Det er unødvendig, synest eg. Det er ein gentlemanssport. Man skal eigentleg sei ifrå sjølv, og om man ikkje seier ifrå sjølv, må man kanskje minne motstandaren på det. Kanskje kan man gjere det på ein litt hyggelegare måte. Men når man då får ein slik merknad om at man ikkje synst at man er innafor reglane, så skal man ikkje ta det opp på den måten og ikkje vere villig til å ha dialog i det heile tatt.
Nepstad ser likevel fordelen med at curling-krigen no er på alle sine lepper.
– Eg synest det er litt gøy at det blei litt temperatur, men samtidig synest eg Marc Kennedy kunne tatt til seg kritikken han får, anna enn å blankt feie den bort. Vi har sett video tidlegare også som syner at han leikar med elden før. Vi har sett videoar av Marc Kennedy som er verre enn det.
– Han gir den ein liten prikk med fingeren, på den delen av steinen som ikkje har sensor på seg. Så då kjem ikkje raudlyset til å bli aktivert, fortel Ramsfjell.
– Er det eit regelbrot?
– Det ser veldig slik ut, svarar Nepstad.
– Uavhengig om han tar på granitten eller ikkje, så er det eit regelbrot. For han er nær steinen etter hogglinje, seier Ramsfjell.
SIGER: Dei norske spelarane i aksjon mot Tsjekkia fredag kveld. Noreg vann 7–4.
Foto: Jonas Ekströmer / TT / TT / NTBPublisert 14.02.2026, kl. 17.57











English (US)