Ut mot russeaktørar: – Må følgje norsk lov

9 hours ago 5



Russ steilar etter endring. Samstundes fryktar kunnskapsministeren at kommersielle aktørar vil stikke kjeppar i hjula for prosjektet.

 Jonas Been Henriksen / TV 2
ENDRA FEIRING: Russen fleire stader i landet flyttar feiringa til etter eksamen. Foto: Jonas Been Henriksen / TV 2

Publisert 03.07.2025 22:14

Det var med blanda kjensler at russen i Rogaland møtte kunnskapsministeren torsdag, for å dele nyheita om at dei vil flytte russetida til etter eksamen. 

I staden for oppstart i april, har russ på Austlandet, i Bergen og i Rogaland blitt einige om å starte feiringa 15. mai.

 Fredrik Slabinski / TV 2
BLANDA: Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) fekk høyre om russens uro for mindre tid til lesing og ei dyrare russetid. Foto: Fredrik Slabinski / TV 2

– Personleg synest eg det er ekstremt dumt å flytte russetida. Det var ikkje noko vi ville, men noko vi blei tvungen til å gjere, seier kommande russ i Stavanger, Aron Tran.

Lang kamp 

Debatten om russefeiring og eksamen har rasa denne våren. 

Tidlegare i år, avgjorde kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) at eksamen for avgangselevane i 2026 skal framskundast med to veker. Dette er for å hindre at eksamen krasjar med russefeiringa. 

 Fredrik Slabinski / TV 2
IKKJE FORNØGD: Aron Tran og Leif Martin Barsnes synest det er dumt at dei må flytte russetida. Foto: Fredrik Slabinski / TV 2

Men russen er ikkje overtydd. 

Då dei møtte kunnskapsministeren torsdag, uttrykte fleire uro for at dei ikkje vil få tid til å lære alt pensum før eksamen, når eksamen no kjem tidlegare enn før. 

Samstundes fryktar dei at feiringa totalt sett vil bli dyrare. 

– Kostnadane med buss og anlegg blir ekstremt mykje høgare, for ei kortare russetid, seier Leif Martin Marsnes. 

 Fredrik Slabinski / TV 2
BLANDA: Kara Støl og Maren Minde meiner det kan vere bra å få ro til å lese i eksamensperioden, men fryktar ei dyrare russetid. Foto: Fredrik Slabinski / TV 2

– Vi reknar med å betale fleire titals tusen kroner meir for til dømes anlegg, fordi vi konkurrerer med andre festivalar og aktørar, seier Maren Minde. 

– Vis ansvar

Kunnskapsministeren er glad for at russen lyttar til råda deira og flyttar russefeiringa, men rettar samstundes peikefingeren mot kommersielle aktørar. 

–  Eg har ei lita frykt for at dei kommersielle aktørane kjem til å stikke kjeppar i hjula på denne endringa, når dei ser at det kan rokke ved deira innteningsmoglegheiter, seier ho til TV 2. 

 Fredrik Slabinski / TV 2
ANSVAR: Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) meiner kommersielle aktørar må ta ansvar for at russen får ei fin feiring etter at eksamen er ferdig. Foto: Fredrik Slabinski / TV 2

Ein av aktørane som ikkje har lytta til oppmodingane frå kunnskapsministeren, er Landstreffet i Stavanger. 

Dei har nemleg lagt det populære russetreffet til første helga i mai, som også er helga før første skriftlege eksamen. 

Trass eksamen dagen etter, er billettane rivne vekk og arrangementet blei utseld på rekordtid.

– Eg forstår at det er store pengeinteresser i spel her, men eg vil be desse aktørane om å vise samfunnsansvar, og bidra til ei meir inkluderande feiring og at russen kan ta festen etter testen, seier Nordtun. 

 Elias Håvarstein / TV 2
FESTIVAL: I år blir Landstreffet i Stavanger halde ti dagar før russen startar feiringa. Dermed blir det færre russeklede å skimte på festivalen. Her frå LS 2023. Foto: Elias Håvarstein / TV 2

TV 2 har vore i kontakt med Aasmund Lund, presseansvarleg for LS i Stavanger. Han hadde ikkje moglegheit til å kommentere saka torsdag. 

Han har tidlegare kommentert at dei har gjort grundige vurderingar i planlegginga av landstreffet, og at dei veit at tidspunktet er viktig for mange.

Må følgje lova

Kunnskapsministeren seier arbeidet med russetida ikkje er ferdig enno. Ho meiner det er viktig at russen og lokale og nasjonale styresmakter jobbar vidare for å sikre ei fin og inkluderande russetid. 

– Ikkje minst må vi sette i verk tiltak når kommersielle aktørar bryt norske lover og regler.  Viss dei bryt lova og kjem med kommersielt press mot barn og unge, så skal dei få sanksjonar mot seg, seier ho. 

Meir inkluderande 

Russen sjølv meiner dei har stort fokus på inkludering, men håpar festen blir betre når eksamenstida er over. 

– Då er presset ute av kroppen og vi kan fokusere på å feire, seier Leif Martin Barsnes. 

 Isac Skjevik Kvello / TV 2
ANNLEIS: I 2026 blir russetida annleis for russen. Mellom anna startar feiringa 17. mai-helga fleire stader. Foto: Isac Skjevik Kvello / TV 2

Trass ei dyrare russetid, mindre tid til pensum før eksamen og eit landstreff utan russebuss, håpar russen at feiringa vil bli fin likevel. 

– Eg trur det kan bli bra at vi slepp sitte med valet om å dra ut eller jobbe med skule. Kanskje det fører til at fleire blir med på feiringa, seier Kala Støl.

Read Entire Article