Det kjem fram i eit brev Det Mosaiske trossamfunn (DMT) og Det jødiske samfunn i Trondheim (DJST) har sendt til statsministeren og ordføraren i Oslo.
Der viser meinigheitene til Antirasistisk Senter si markering av Krystallnatta.
Dei meiner markeringa er vridd til å famne innhald som «på enkelte måter kan betraktes som direkte jødefiendtlig», heiter det i brevet.
– Det er ikkje lett for oss at ein slik dag blir kuppa, seier rabbinar Joav Melchior til NRK.
Antirasistisk Senter kjenner seg ikkje igjen i kritikken.
Vårt Land omtalte saka først.
– Mangel på empati
Den årlege markeringa av Krystallnatta vil finne stad 9. november.
Ifølge brevet har dei jødiske meinigheitene i lang tid vore bekymra for innhaldet i minnemarkeringane.
– Når vårt narrativ ikkje berre blir ignorert, men også angripe av Antirasistisk Senter, så er det smertefullt, seier Melchior.
John Arne Moen er styreleiar i Det Jødiske Samfunn i Trondheim. Han er blant dei som har skrive brevet til statsministeren og Oslo-ordføraren.
Foto: Bjarte M. Johannesen«Krystallnatta» er nemninga på natta mellom 9. og 10. november 1938 som markerer starten på opptrappinga av jødeforfølginga i Tyskland.
Melchior meiner Palestina-aktivistar har fått for stor plass i markeringa og at nesten alt fokuset no ligg på situasjonen i Midtausten.
– Det er sjølvsagt lov å kritiserer jødar, men at ein vel akkurat den dagen – som også råkar norske jødar veldig mykje – det viser mangel på empati og det Antirasistisk Senter burde bruke tid på, seier Melchior.
– Nemleg å forstå at rasisme går i mange retningar og at vi saman må gå i mot han, uavhengig av politisk ståstad.
Ordførar i Oslo, Anne Lindboe (H), stadfestar at ho er kjent med innhaldet i brevet frå dei jødiske meiningheitene, men ønsker ikkje å kommentere saka ytterlegare.
NRK har førebels ikkje lykkast med å få ein kommentar frå Statsministeren sitt kontor.
Statsminister Jonas Gahr Støre deltok nyleg i 100-årsmarkeringa for synagogen i Trondheim.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKDei jødiske meinigheitene meiner Antirasistisk Senter har valt ut jødiske samarbeidspartnarar som ifølge dei har «dels sterkt venstreradikale standpunkter».
Det meiner dei gir markeringa eit politisk preg som er svært uheldig.
– Antirasistisk Senter har dei siste åra valt å ta ei veldig antisemittisk linje.
– Eksempelvis har dei hatt mange utsegn mot sionisme.
Han peiker også på at dagleg leiar for Antirasistisk Senter, Umar Ashraf, kalla Ervin Kohn ei «ekstrem stemme» i Vårt Land.
Leiar i Antirasistisk Senter kalla Ervin Kohn ein «ekstrem stemme» etter at Kohn skulda Amnesty for jødehat.
Foto: Bjarte M. JohannesenAntirasistisk Senter: – Vi har gått ut og invitert bredt
– Det står vi veldig rakt i, seier Ashraf sjølv om utsegna.
– Det handlar jo ikkje om Ervin Kohns bakgrunn, det handlar utelukkande om Ervin Kohns ekstreme påstandar om at verdas fremste menneskerettsorganisasjonar og -institusjonar er antisemittiske.
Leiaren seier han ikkje kjenner seg igjen i påstandane om at Antirasistisk Senter har tatt ei antisemittisk linje.
Heller ikkje at markeringa av Krystallnatta har blitt «kuppa», kjenner han seg igjen i.
– Vi har gått ut og invitert bredt.
– Vi er ikkje nokon overdommarar over kven som skal få lov til å delta i ei Krystallnattmarkering. Vi inviterer alle inn, også Det Mosaiske trossamfunn.
Umar Ashraf i Antirasistisk Senter fortel at dei ikkje kjenner seg igjen i kritikken frå dei jødiske meinigheitene.
Foto: AvenewHan seier markeringa ikkje handlar om Palestina.
– Dette handlar om jødiske erfaringar, om å dra lærdom av historia, minnast offera av antisemittisk vald og samtidig stå opp mot all rasisme.
Ashraf fortel at samarbeidet mellom dei jødiske meinigheitene og Antirasistisk Senter blei brote i 2023.
– Vi forsøkte den gong da å invitere dei til dialog, men vi blei avvist.
– Vi har forsøkt igjen å invitere dei til årets markering og blei blankt avvist.
Publisert 06.11.2025, kl. 17.54




















English (US)