Ut mot hemmeleghaldet til skipresidenten: – Vekker mistanke

1 month ago 25



– Hemmeleghaldet i seg sjølv vekker mistanke om at det kan ha gått føre seg noko som ikkje toler dagens lys.

Det seier Tor Dølvik som er spesialrådgivar i Transparency International Norge, ein organisasjon som kjempar mot korrupsjon.

Han reagerer på at FIS nektar å oppgi kor mykje pengar dei gir til organisasjonen Cool Earth.

Tor Dølvik, spesialrådgiver i Transparency International, Norge

SKEPTISK: Eliasch si dobbeltrolle er ein interessekonflikt, meiner spesialrådgivar i Transparency International Norge, Tor Dølvik

Foto: Anne Rognerud

– Det vi har sett i mange internasjonale idrettsorganisasjonar, er at mangel på openheit om kor pengane kjem frå og kva dei går til, er eit av problema som kan skape meir grunnleggande korrupsjonsutfordringar, konkluderer Dølvik.

Nektar å oppgi tala

Då Eliasch blei valt til FIS-president i 2021, hadde han ein tydeleg bodskap til heile skiverda.

– Eg vil vere engasjert, fordomsfri og open, og ein president som representerer alle nasjonar og greiner, sa han.

Engelsk-svensken kallar seg også klimaaktivist.

I 2007 stifta han det omtalte regnskogprosjektet Cool Earth, ein velgjerande organisasjon som støttar urbefolkninga i blant anna Peru, for at ho skal kunne ta vare på regnskogen og dermed redusere avskoging.

Og det er nettopp denne organisasjonen FIS valde å donere pengar til.

Ashaninka-folket lever i Perus regnskog

FÅR STØTTE: Urbefolkninga i Peru får pengar frå FIS' regnskoginitiativ.

Foto: AFP

Men kor mykje pengar dei gir, vil han ikkje ut med.

– Vi publiserer ikkje det, seier Eliasch i eit intervju med NRK.

– Kvifor ikkje?

– Det vi fokuserer på her, er CO2-innhaldet, og med tida vil vi publisere desse tala slik at folk kan sjå nøyaktig kva vi gjer her.

Dølvik stussar på hemmeleghaldet:

– Sjølv om det kanskje er eit lite beløp, er det prinsipielt sett eit problem at dei ikkje er opne om kva pengane går til.

NRK tok kontakt med regnskogorganisasjonen og spurde om kor mykje pengar dei får av FIS. Dei svarte at dei får 150.000 euro i året. Etter nokre dagar kom ein ny e-post om at beløpet likevel ikkje var korrekt, og litt seinare tikka enda ei melding inn:

«FIS-donasjonen, til liks med mange velgjerande donasjonar, blir gitt konfidensielt, så vi kan ikkje bekrefte eller oppgi størrelsen på beløpet»

Lovar å publisere

Sidan Johan Eliasch var med å grunnlegge Cool Earth i 2007, har han vore president og styremedlem der.

FIS opplyser om at presidentrolla hans i dag berre er ei æresrolle.

Eliasch seier til NRK at dei kjem til å publisere tala på pengestøtta i den næraste framtid.

Kvifor kan de ikkje vere opne om det no?

– I dette intervjuet? Måten vi publiserer det, er mange forklaringar og på ein holistisk måte. Ikkje som eit lydklipp i eit intervju.

Publisert 21.03.2024, kl. 20.00

Read Entire Article