Ut mot Arsenals Ødegaard-behandling: – Gir f*** i kva Noreg tenker

1 day ago 4



– Dei kjem til å gi fullstendig f*** i kva Noreg tenker.

Det seier NRKs fotballekspert Magnus Wolff Eikrem om Arsenal og Martin Ødegaard, som stadig vekk slit med knetrøbbel.

Eikrem får støtte av ekspertkollega Kristoffer Løkberg:

– Eg stussar jo litt over at han startar to kampar på så kort tid – først mot Southampton i cupen og så mot Sporting i Meisterligaen. Det var nok eit sjansespel som slo negativt ut for Arsenal og Noreg, seier Kristoffer Løkberg.

Berre 65 dagar før Noreg VM-opnar mot Irak er fleire bekymra for forma til kaptein Martin Ødegaard.

Arsenal-spelaren har berre vore på banen i 131 minutt sidan han måtte ut med eit trøblete kne mot Tottenham den 22. februar.

Førre veke sette Arsenal-kapteinen seg ned i oppgjeret mot Sporting og blei etter kort behandling bytt ut. I helga stod Ødegaard over Arsenals tap for Bournemouth på grunn av det hovudtrenar Mikel Arteta beskreiv som «eit lite problem» i Sporting-kampen.

Det er i den ferske episoden av Bakrommet at skaden til landslagsstjerna blir diskutert.

«Urovekkande»

Kapteinen har gått glipp av over halvparten av Arsenals kampar denne sesongen. Dei siste 212 dagane har han vore 127 ute med skade.

– Det er urovekkande. Han har hatt ein sesong der han har vore småskadd heile vegen. Vi treng ein Martin Ødegaard i god form, for han er så utruleg viktig for det laget her, samanfattar tidlegare landslagsspelar Magnus Wolff Eikrem.

Magnus Wolff Eikrem

BEKYMRA: NRKs fotballekspert Magnus Wolff Eikrem.

Foto: Jonas Been Henriksen / NTB

– Det er store spørsmålsteikn til Martin Ødegaard og den fysiske tilstanden hans. Denne gongen var det kneet, utan fysisk kontakt. Berre det er skummelt, Andrine Hegerberg.

NRK har bede om ein kommentar frå Arsenal til saka. Dei har ikkje svart.

Det var i kampen mot Sporting førre veke at Arsenal- og Noreg-kapteinen sette seg ned fortvilt på grasmatta. Det skjedde utan at Ødegaard hadde vore i noko form for duell, og han måtte bytast ut få minutt seinare.

Kor lenge han er ute er ikkje klart.

– Det er aldri gunstig å ikkje få rytmen og så er det noko som set seg i hovudet når du startar ein kamp og så går ut igjen med ein ny smell: Stolar du på kroppen din? Stolar du på at alt er som det skal når du skal spele kamp kvar fjerde dag? seier Løkberg.

Kristoffer Løkberg

STUSSAR: Kristoffer Løkberg reagerer på Arsenals behandling av Martin Ødegaard.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

– Han må spele

Ekspertkollega Andrine Hegerberg meiner Noreg bør vere førebudd på eit scenario der Ødegaard ikkje er i hundre prosent i kampform under fotball-VM.

– Dette er eit scenario ein verkeleg må vere førebudd på. Noreg er heldige, sidan dei har spelt nokre kampar utan han. Men han kan vere veldig avgjerande for at Noreg spelar bra i VM. Solbakken har trua på at Ødegaard kan bli ein av VMs beste midtbanespelarar, men då må han spele, meiner ho.

Andrine Hegerberg og Åge Hareide

VIKTIG: Andrine Hegerberg meiner Martin Ødegaard er ein av nøklane til VM-suksess for Noreg.

Foto: Nicolai Eid Trondal

NRK har vore i kontakt med landslagssjef Ståle Solbakken, som meiner at det ikkje er grunn til bekymring.

– Dette kjem til å gå bra, seier landslagssjefen i ein kort kommentar til NRK.

Løkberg meiner at det også finst langt meir lysare scenario for landslagskapteinen.

– Vi ser for oss at Martin Ødegaard kjem ordentleg i spel i starten av mai, og Arsenal sannsynlegvis tek seg vidare i Meisterligaen. Da kan Ødegaard få seg ei god kamprekke før han få litt kvile før dei to landskampane før VM. Om vi får optimal klaff så kan han komme i perfekt form, seier NRK-eksperten.

Publisert 13.04.2026, kl. 17.15

Read Entire Article