Usikkerheit om plast i kroppen: – Det er komplisert

1 hour ago 2



Tanken på at ørsmå plastfragment kan hope seg opp i kroppane våre, kan verke ganske skremmande.

Og dei siste åra har fleire studiar peika på nettopp dette. Forskarar har funne mikroplast i blodet vårt, i hjernen vår, i lunger og i morkaker. Og funna er slått stort opp i ulike medium rundt om i verda, også i NRK.

Men førre veke publiserte The Guardian ein artikkel der forskarar sjølv sår tvil om ulike funn innan feltet.

Dette har skapt mykje merksemd.

Ifølge avisa har sju studiar om temaet blitt sterkt kritiserte av fagfellar. I tillegg viser ein analyse at 18 studiar kan ha presentert resultat som ikkje stemmer. Noko av utfordringa er at analysane kan ha vist større mengder av mikroplast i organ enn det som er rett.

Årsaka til dette er at prøver kan ha blitt forureina i laboratoriet. I tillegg kan feitt i kroppen vår bli skjemd eller gi utslag som mikroplast.

Martin Wagner er ekspert innan feltet, og jobbar ved NTNU i Trondheim. Han seier det både er bra og dårleg at denne diskusjonen no går offentleg føre seg.

To små bokser med lokk som inneholder prøver av mikroplast.

I analysar av mikroplast kan dei små partiklane forvekslast med biologisk materiale, seier forskarane.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Kan misforståast

Wagner er biolog og professor. Han er blant anna interessert i å finne ut kva plast gjer med helsa vår.

Professoren innrømmer at debatten innan feltet hans gir blanda kjensler.

– Eg trur det er vanskeleg for offentlegheita å forstå alt det tekniske i dette. Det er svært vanskeleg å analysere desse små partiklane. Så det krev mykje for at metodane vi bruker skal vere gode nok, seier han til NRK.

Dette handlar både om kva instrument og metodar ein bruker.

– Og slike diskusjonar krev ein del ekspertise. Og då kan det enkelt misforståast. For det at vi ikkje veit noko om mikroplast i kroppen, stemmer ikkje.

Wagner seier at det er mykje forsking som viser at vi har mikroplast i kroppane våre, og at det er urovekkande.

– Men kor mykje det er, veit vi ikkje enno.

– Forsking treng kritikk

Andy Booth er sjefsforskar i Sintef Ocean. Han studerer blant anna mikroplast.

Han forklarer at feil kan oppstå på grunn av tidspress og hard konkurranse blant forskarar.

– Det er den forferdelege balansen mellom å prøve å få ting gjort så fort som mogleg, og det å få ting gjort på rett måte. Dei første studiane er ikkje veldig gode, men dei er veldig viktige. Dei skaper rom for meir forsking.

Sintef-forsker Andy Booth står i grå t-skjorte og jeans foran en mørkeblå vegg. Han har et fyldig skjegg.

Sintef-forskar Andy Booth seier det er ein vanskeleg balansegang mellom rask og nøyaktig forsking.

Foto: Sverre Lilleeng / NRK

Også Wagner er einig i dette.

– Forsking treng å få kritikk. Det er ein del av måten vi jobbar på. Og kritikken ved nokre studiar er heilt på sin plass. Men det er også slik ein blir betre. Du publiserer noko du observerer, og deretter blir du kritisert for metoden du har brukt, forklarer professoren ved NTNU.

Han håpar den negative merksemda ikkje vil gå ut over framtidig forsking.

– Eg trur at dei som finansierer forsking forstår at det er komplisert. Og at ein treng å forbetre teknikkane, så eg håpar ikkje dette vil ha negative utfall.

Feittvev eller mikroplast?

I februar i fjor publiserte det anerkjente tidsskriftet Nature Medicine ein artikkel der forskarane bak antyda at ein såg «ein trend av aukande MNP-konsentrasjonar (mikroplast og nanoplast) i menneskehjernar og lever».

I november publiserte det same tidsskriftet eit brev frå ei anna gruppe forskarar som kritiserte metodane som blei brukte i den opphavlege artikkelen.

Fleire liknande episodar skal ha skjedd i løpet av den siste tida, og dermed blir tvil og usikkerheit skapt innan feltet.

Dei to norske ekspertane prøver å forklare kvifor nokre av studiane no får kritikk. Og det handlar ikkje om snusk. Men at ein rett og slett slit med å finne ut kva som er mikroplast og kva som ikkje er det.

– Det store problemet er å analysere desse små partiklane i kroppen. At prøvene for eksempel ikkje skal bli forureina av verktøya vi bruker, seier Martin Wagner.

Eit anna problem er at feittvev i kroppen vår kan bli tatt for å vere plastpartiklar.

– Mange av studiane miksar truleg biologiske signal med plast, og då overvurderer dei mengda, seier Andy Booth.

Då kan resultatet og mengda høyrast skremmande ut, seier forskaren ved Sintef.

– Vi kan ikkje stole på bevisa vi har no. For viss ei hjerneprøve inneheld materiale som gir liknande signal som det plast gjer, så er det vanskeleg å vite kva som er kva. Vi må løyse slike problem for å komme vidare.

En mann i frakk som jobber i et laboratorium.

Martin Wagner inne på laboratoriet på NTNU.

Foto: Morten Andersen / NRK

Viktig å formidle svakheiter

Neste veke skal Martin Wagner til Sveits for å vere med på ein plastkonferanse. Han trur mediemerksemda vil bli eit tema.

– No veit vi at denne diskusjonen går offentleg, og då kan vi lære korleis vi som forskarar kan bli betre på å formidle forskinga vår. Også med tanke på avgrensingar og svakheiter.

Han håpar ein i framtida kan ha meir fokus på at forsking treng tid, og at den ikkje nødvendigvis treng å gi store overskrifter for å vere god.

– For ofte køyrer medium på med overskrifter som «Mikroplast funne i hjernen hos folk», men forsking er meir komplisert enn som så, seier eksperten.

Publisert 27.01.2026, kl. 18.40

Read Entire Article