Over 250 lastefly. Militærfly. Verdas største hangarskip.
Dei er alle på veg til Iran.
USA er no i gang med det som ser ut til å vera ei massiv militær opptrapping rundt Iran.
Det er ikkje heilt uventa. I fleire veker har president Donald Trump kome med fleire truslar mot landet og sagt at han vil bygga opp ein «armada» i Arabiahavet.
Dette skjer samtidig som USA og Iran forhandlar om Irans atomprogram. Trump sa torsdag at han burde vita om ein avtale er mogleg om 10 dagar.






Natt til onsdag vart trettiåtte amerikanske militærfly flytta over Atlanterhavet. Flyttinga inkluderte både tankfly, transportfly og overvakingsfly.
Skjermopptak: adsbexchange.com– Me må ha ein meiningsfull avtale, sa Trump under eit møte i det såkalla fredsrådet i Washington torsdag.
– Det er ein betydeleg militær oppbygging som er gjort i Midtausten dei siste månadane, oppsummerer Sigbjørn Halsne.
Han er hovudlærar i landmakt ved Krigsskulen.
Dei har allereie så mykje militært materiell i området at dei ikkje treng å venta med å gå til åtak, trur han.
Sigbjørn Halsne
- Hovudlærar i landmakt ved Krigsskulen.
– USA har dei nødvendige styrkane dei treng for å gjennomføra eit åtak på plass no. Det avheng berre av avgjerda.
– Viss dei vil gå til åtak i morgon, så kan dei i teorien det?
– Det kan dei i teorien gjera, svarar Halsne.
Han understrekar likevel at det er umogleg å føreseia kva som kan skje framover.
– Tvangsdiplomati
Det finst dessutan eit stort men.
– Vil dei som bestemmer, faktisk ta den avgjerda om å gå til åtak? Det er det ingen som veit. Det finst òg fleire utvegar her som ikkje endar med eit amerikansk åtak.
Det er nemleg ting som tydar på at opptrappinga skjer fordi USA vil legga press på Iran i samband med atomforhandlingane som går føre seg no.
Satellittbilete viser at Iran er i ferd med å forsterka to tunnelinngangar ved eit anlegg i Natanz, her frå 10. februar.
Foto: VANTOR / Reuters / NTBDei forhandlar mellom anna om atomprogrammet til Iran; korleis landet forskar på atomenergi. Atomenergi kan brukast til å utvikla atomvåpen, men kan òg brukast til sivile føremål som å skaffa energi til befolkninga.
Eitt av dei tydelegaste teikna er at nærast kven som helst kan følga med på mange av dei amerikanske flya i sanntid. Dei har ikkje skrudd av signala som viser kor dei er, slik militære fartøy kan gjera.
Det amerikanske hangarskipet USS Gerald Ford vart observert vest for Gibraltar for eit døgn sidan via MarineTraffic. Sporinga har sidan blitt skrudd av. Biletet av skipet er frå 2017.
Faksimile:marinetraffic.com/Mass Communication Specialist 2nd Class Ridge LeoniDet er ganske vanleg at USA gjer det slik, ifølge Halsne.
– Dette skjer samstundes som det går føre seg forhandlingar. Dette er ein form for tvangsdiplomati eller kanonbåtdiplomati, seier han.
– Det vert nok gjort med hensikt, som eit signal overfor Iran.
Den amerikanske marinen slapp bilete av deler av flåten og jagarfly i Arabiahavet tidlegare i februar. Dagen etter vart eit anna bilete av Steve Witkoff og Jared Kushner som leiar forhandlingane for USA på eit av skipa delt av amerikanske myndigheiter.
Foto: Petty officer 1st Class Jesse Monford / US NAVY / AFP / NTB ; Sonny Escalante / US Central Command (CENTCOM) / AFP / NTBDet trur òg Per Erik Solli, senior forsvarsanalytikar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi).
– Per no er det for å legga direkte press på forhandlingane i Genève, meiner han.
Ifølge Solli har ikkje USA noko uttalt militært mål med eit åtak, utanom å legga press på Iran.
Per-Erik Solli
- Senior forsvarsanalytikar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi)
– Men om det vil ha noko påverknad på forhandlingane eller ikkje, det er vanskeleg å seia.
Viss Iran føyer seg for USA i atomforhandlingane, kan det vera ein utveg utan eit åtak.
Hilde Henriksen Waage, professor i historie ved Universitetet i Oslo, trur òg at opptrappinga er for å tvinga Iran til forhandlingar.
Hilde Henriksen Waage
- Midtausten-ekspert og professor i historie ved Universitetet i Oslo.
Ho peikar likevel på at det er noko som gjer situasjonen ekstra uføreseieleg: Donald Trump.
– Ingen veit korleis haren hoppar, og ingen veit korleis den høgst uføreseielege Trump har tenkt å handtera konflikten med Iran, seier ho.
Tvilar på planar om invasjon
Kor stor er denne opptrappinga eigentleg?
Halsne skildrar det som «ein relativt omfattande mobilisering» i moderne tid.
Han meiner mellom anna dette er større enn det me såg før det amerikanske åtaket på Iran sumaren 2025.
Det er båe fleire skip, fleire hangarskip og fleire fly denne gongen, meiner han.
Per Erik Solli ved Nupi meiner derimot at dagens opptrapping kan samanliknast med den før åtaket sumaren 2025.
Det er likevel ikkje ei like kraftig opptrapping som ein såg før invasjonen av Irak i 2003 eller i samband med Gulfkrigen i 1991, seier både Halsne og Solli.
I båe tilfella var det store bakkestyrkar involvert.
Det er det ikkje denne gongen, ifølge Halsne – noko som tyder på at USA i alle fall ikkje planlegg noko full invasjon av landet.
Før (19. juni)
Etter (22. juni)
I sumar angrep USA atomanlegg i Iran, her i Fordow.
Satellittbilder: Maxar– Viss dei startar ein militær aksjon mot Iran, vil den ha ei meir avgrensa målsetting, meiner Halsne.
Han nemner to alternativ:
- å stansa landets atomprogram
- regimeendring i Iran
– Det er kanskje den mest omfattande målsettinga, viss dei skulle starta ein aksjon, seier Halsne om det siste alternativet.
Iran med militærøving
Det er ikkje berre USA som viser militære musklar i området no. Det gjer òg Iran, i ei felles øving med Kina og Russland i Hormuzsundet.
Iran, Kina og Russland har ei felles militærøving i Hormuzsundet. Rundt 30.000 skip passerer sundet kvart år.
Det iranske forsvaret har skildra øvinga som eit «resolutt og omfattande svar på fiendtlege operasjonar i det maritime området».
Er du interessert i utanriks? Høyr siste episode av redaksjonens podkast:
Publisert 19.02.2026, kl. 19.52







English (US)