United-sjefen blir «flau» når han ser på tabellen: – Vanskeleg å akseptere

17 hours ago 8



– Korleis skal ein manager for Manchester United kjenne seg i ein slik situasjon? Flau, og det er vanskeleg å akseptere, sa manager Ruben Amorim på pressekonferansen etter tapet mot West Ham.

Dei raude djevlane har hatt ein fiaskosesong i Premier League og ligg foreløpig på 16. plass – noko som kan bli den svakaste ligaplasseringa av klubben sidan Premier League blei innført i 1992. Førre gong dei hamna lågare på tabellen i den øvste divisjonen i England, blei det 21. plass og nedrykk. Det var i 1974.

– For meg er den største bekymringa kjensla av at «det er greitt», sa portugisaren.

– Vi kan ikkje falle så mykje på tabellen, så da er det liksom greitt. Det er det største problemet i klubben akkurat nå, fordi vi mistar kjensla av at vi er ein storklubb – og at det er verdas undergang å tape ein heimekamp, fortsette han.

Amorim

FORTVILING: Denne typen uttrykk har ikkje vore uvanlege frå Ruben Amorim sidan han blei Manchester United-manager.

Foto: OLI SCARFF / AFP / NTB

– Det klart minste problemet

United kan maks nå ein 13. plass i ligaen, men dei har framleis ei gulrot i Europaligaen. Der møter dei Tottenham i finalen, og vinnaren vil få innpass i Meisterligaen neste sesong.

– Eg er ikkje bekymra for finalen, det er det klart minste problemet i klubben, seier Amorim, som seier han kan måtte overlate jobben til nokre andre dersom ting ikkje snur.

Han tok over klubben etter at Erik ten Hag fekk sparken i november. Sidan portugisaren tok over managerjobben har laget vunne seks kampar, spelt uavgjort like mange gonger og tapt heile 13 gonger i ligaen.

NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg er einig i vurderinga til Amorim.

– United er per dags dato eit botnlag i Premier League. Slumpen vil ha det til at dei speler finale i Europa League – ein kamp som kan redde heile sesongen. Det kan gjere at framtida ser litt lysare ut på kort sikt. Men dei kan ikkje tillate seg å stå fram som eit middelmåtig lag mellom europakampane, seier Løkberg.

Kristoffer Lie Løkberg

KRITISK: Kristoffer Løkberg er svært kritisk til Ruben Amorim og Manchester United.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Han meiner det er altfor lett for dei fleste lag å ta poeng mot dei, sjølv på eige gras. Eksperten viser til det nylege tapet mot West Ham og heimetapet mot Wolverhampton.

– Dei har blitt dårlegare under Amorim. Så enkelt og brutalt er det. Han har hatt meir enn nok kampar til å sette stempelet sitt. Det finst ikkje unnskyldningar. Han har gambla og treft med finaleplassen, men tenk på kor små marginane har vore – blant anna mot Lyon. Kva hadde vi snakka om dersom det hadde gått gale der? seier Løkberg.

Meiner dei er langt unna

NRK-eksperten fortset å refse storklubben, og meiner vegen tilbake til toppen er lang.

– Dei er så langt unna å vere eit topplag som det er mogleg å komme. Den einaste grunnen til at nokon trur dei framleis høyrer heime i toppen, er at dei heiter Manchester United. Ingenting tilseier at dei er eit topp seks-lag, seier Løkberg.

Han understrekar at ein eventuell siger i Europaligaen kan gjere mykje for klubben og kan sørge for at dei kan tiltrekke seg større spelarar på overgangsmarknaden i sommar.

Bruno Fernandes og Casemiro

LITE JUBEL: Det har vore lite å juble for for Bruno Fernandes og Casemiro denne Premier League-sesongen.

Foto: Ian Hodgson / AP / NTB

Manchester United-kaptein Bruno Fernandes har i fleire kampar måtte svare for dei svake prestasjonane. Han meiner dei må forbetre seg på ei rekke område.

– Vi har hatt kontroll i mange kampar, men så slepp vi inn mål etter litt kaos i eigen boks. Vi veit at vi har mykje å forbetre i Premier League, seier Bruno Fernandes ifølge Manchester Evening News.

– Vi må vere mykje meir aggressive, komme oftare inn i boksen til motstandaren, vere farlegare og meir effektive framfor mål, seier stjernespelaren vidare.

Det står att to kampar i Premier League. Først ventar Chelsea på bortebane, før dei avsluttar sesongen mot Aston Villa på Old Trafford. Ingen enkle motstandarar igjen, med andre ord.

Publisert 11.05.2025, kl. 22.28

Read Entire Article