Unge menn dømde til fengsel i 5 og 5,5 år etter valdtekt av jente under 14 år

4 weeks ago 24



Politiet slo full alarm då det tikka inn med meldingar om at ei jente under 14 år skal ha blitt valdtatt utanfor domkyrkja i Molde i fjor sommar.

Ein gutegjeng på fem blei raskt mistenkte. Torsdag ettermiddag blei dei to eldste som deltok dømde for gjengvaldtekt.

Ein no 19 år gamal mann er dømd til fengsel i 5 år. Ein 18-åring får fengselsstraff i 5,5 år, 3 år på vilkår og med ei prøvetid på 5 år.

Fengselsstraffa for begge to er eit halvt år strengare enn påstanden frå aktor.

Dei er også dømde til å betale 280 000 kroner i erstatning.

– Det er ein god og grundig dom, og sidan dei er dømde for grov valdtekt og medverknad er dette i tråd med rettspraksis, seier bistandsadvokat Curt Andre Lier.

Han meiner det er ekstra alvorleg at det blei tatt fleire filmar under overgrepet. Dette er også konklusjonen til Møre og Romsdal tingrett:

«De seksuelle overgrepene var samlet sett en svært alvorlig krenkelse av fornærmede. I tillegg til omstendighetene ved handlingen, mener retten det skal legges vesentlig vekt på at filmene senere er blitt spredt til et ukjent antall personer via sosiale medier. Dette må fornærmede i fremtiden måtte forholde seg til, noe retten antar vil utgjøre en stor belastning».

Dei yngste gutane er for unge til å bli straffa. Dei blei først sikta, men så blei sakene mot dei lagt bort.

Overgrepssak Molde

Valdtekta skjedde ved ein av inngangane på sørsida av domkyrkja i Molde.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Stor sjanse for at den blir anka

Forsvararane til dei to tiltalte, Axel Villard Lange og Erik Rolfsen, har lagt vekt på at dei unge mennene har hatt ein tøff start på livet, har vore i Noreg i kort tid, og berre har hatt avgrensa kjennskap til språk, kultur og samfunnsliv.

Torsdag blei begge dømd til fengselsstraffer som er eit halvt år meir enn det aktor i saka ba om.

Vi registrer dette, men har ikkje fått lese dommen endå eller diskutert den med klienten, seier Rolfsen til NRK.

– Er det aktuelt å anke dommen?

– Det er ein stor sjanse for at den blir anka.

Erik Rolfsen og Axel Villard Lange

Erik Rolfsen til venstre og Axel Villard Lange er forsvararar for dei to tiltalte.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Skal ha hatt ein tøff start på livet

Under rettssaka kom det fram ulike versjonar av kva som skal ha skjedd i trappa utanfor domkyrkja.

Aktor, statsadvokat Jogeir Nogva, karakteriserte overgrepet som svært grovt då han heldt prosedyre i starten av mai. Han sa rett ut at han ikkje trur på dei tiltalte og at målet openbert var å skjenke den unge jenta for å utnytte henne seksuelt.

Fleire venninner har fortalt at dei forsøkte å få henne med seg, men blei stoppa av dei eldre gutane.

Overgrepssak Molde

Overgrepet skjedde rett utanfor den eine inngangsdøra til domkyrkja i Molde.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Oppretta «valdtektsgruppe»

Under rettssaka kom det fram at gutane etter valdtekta oppretta ei gruppa på Snapchat med eit heilt spesielt namn. Det kan best omsetjast til «valdtektsgruppe». Deretter fekk gruppa stadig nye namn som antyda kva som skal ha skjedd.

I gruppa skal fleire grove filmar frå valdtekta ha blitt delt, og deretter spreidd til over heile landet. Men dette skal også ha sett politiet på sporet etter dei unge gjerningsmennene.

Molde Domkirke

Valdtekta skjedde utanfor Molde domkyrkje midt på dagen, ein lys sommardag i 2023.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Dei to unge mennene viste ingen reaksjonar då rettsaka gjekk for Møre og Romsdal tingrett. Den eine har hatt med far sin under heile rettssaka.

Mor til den unge jenta har også følgt saka frå rettssalen. Jenta blir no varetatt av barnevernet og har flytta til ein annan kant av landet.

Publisert 06.06.2024, kl. 13.34 Oppdatert 06.06.2024, kl. 13.56

Read Entire Article