Ukrainske Valeriia var papirlaus – No har ho fått jobb og kjøpt leiligheit

1 month ago 27



Då Valeriia Hoshkoderia (31) var på ferie i Noreg for seks år sidan, blei ho frelst.

– Det var forelsking frå første stund.

Heime i Ukraina såg ho NRK-serien «Side om side» for å lære seg norsk. Og for tre og eit halvt år sidan pakka ho igjen kofferten, og reiste tilbake til Noreg for å studere.

Men etter året som student, starta ein kamp om å få leve eit vanleg liv i landet ho hadde blitt så glad i.

Valeriia Hoshkoderia sit på golvet på det nye kjøkenet sitt. Sola skin inn gjennom vindauget.

Valeriia Hoshkoderia har brukt mykje tid på å sende søknadar. Ho har levd i usikkerheit utan rettigheiter.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Ingen rettigheiter

Etter at Russland invaderte Ukraina i februar 2022, innførte regjeringa ei ordning for å beskytte dei som flykta frå krigen. Denne blir kalla kollektivt vern.

Alle som flykta frå Ukraina fekk dermed løyve til å bu i Noreg i minst eitt år.

Fleire enn 77.000 ukrainerar har nytta seg av denne ordninga sidan krigen braut ut.

Hoshkoderia budde allereie i Noreg. Ho hadde ikkje fått opphaldsløyve, men ville ikkje tilbake til eit land i krig.

Ho søkte difor også om kollektivt vern, men fekk nei. Ordninga gjaldt ikkje for henne.

I staden svarte UDI at søknaden blei vurdert på individuelt grunnlag. Noko som tek tid.

I ventetida stod ho utan opphaldsløyve, og fekk ikkje lov til å jobbe. Ho kunne ikkje betale for ein stad å bu.

Det var forferdeleg, kort fortalt. Du har ingen rettigheiter. Og for meg som jurist er det dobbelt så vanskeleg å erkjenne urettferd, fordi det er det eg har kjempa mot heile livet.

Midt oppi dette skulle ho møte ei som blei avgjerande for tida vidare i Noreg.

– Følte meg som ei prinsesse

Liv Mariamma Conteh Larsen hadde teke med seg barna sine på ein internasjonal kafe for støtte til ukrainarar.

Larsen overhøyrte at Hoshkoderia ikkje hadde lov til å tene pengar, og ikkje hadde nokon stad å bu. Og Larsen hadde det som byrja å likne på ei leilegheit i kjellaren.

Eg drog heim til mannen min og sa: «Du, eg har treft ei ung kvinne på 29 år, utan nokon stad å bu. Ho er frå Ukraina. Kan ikkje ho bu hos oss?» «Jo!», sa han, fortel Larsen.

– Eg følte meg som ei prinsesse. Eg fekk bu gratis i ei nyoppussa leilegheit. Eg var velsigna som trefte dette fantastiske mennesket, seier Hoshkoderia.

Liv Mariamma Conteh Larsen og Valeriia Hoshkoderia sit ved eit bord ute i sola, heime på tunet til Larsen. Larsen har gul strikkagenser. Hoshkoderia har ei svart jakke.

– Valeriia har lært meg å seie takk. Å ta imot, og tillate andre menneske å vere snille med meg og vise omsorg for meg, seier Liv Mariamma Conteh Larsen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kvifor valte du å hjelpe Valeriia?

Eg synest det er berre slik vi skal vere. Eg synest vi skal vere varme medmenneske.

Fall mellom to stolar

Runar Pedersen er fagleiar i UDI. Han innrømmer at Hoshkoderia var ekstra uheldig.

Ho har nok rett og slett vore litt uheldig med timinga. Som har gjort saka hennar ekstra vanskeleg.

Fordi Hoshkoderia hadde hatt ei kort reise ut av Noreg under søknadsprosessen, meinte UDI at ho ikkje kvalifiserte til vern mot krigen. Hoshkoderia meiner denne retningslinja ikkje har vore tydeleg nok.

Pedersen i UDI vedgår at dei på dette tidspunktet kanskje ikkje hadde ein god nok måte å ta hand om dei som fekk avslag på.

Runar Pedersen, fagleiar i UDI.

Runar Pedersen er fagleiar i Beskyttelse i Utlendingsdirektoratet.

Foto: UDI

– Vi måtte bygge eit system frå botnen av både når det gjeld kollektivt vern, og også korleis vi skulle handtere dei som ikkje kvalifiserte og ha eit vidare løp for dei. Det tok dessverre litt tid.

– Som ei gåve

For Valeriia ordna det seg til slutt. Etter om lag to år kom endeleg arbeidsløyvet, og ho fekk rett til å jobbe. No har ho fast jobb i Nav.

Det var som ei gåve. Eg hugsar veldig godt denne dagen.

På veggen i leiligheita til Valeriia Hoshkoderia har ho hengt opp nokre bilder med sitat på. Her ser vi ei svart ramme rundt teksten "Make it happen".

På veggen i den nye leilegheita har Hoshkoderia hengt opp fleire bilde med sitat som er viktige for henne.

Foto: Remi Sagen / NRK

Jobben gjorde at ho til slutt også fekk opphald i Noreg som faglært arbeidssøkar. No har ho kjøpt seg eiga leilegheit, og flytta ut frå Larsen og familien.

– Ungane synest det er veldig trist. Ho har vore ein del av hushaldninga i to år, så det er veldig rart. Men vi er jo stolt av henne, då, seier Larsen.

Hoshkoderia vil vise andre som står i liknande situasjonar at sjølv når det ser umogleg ut, kan det ordne seg til slutt. Spesielt om ein tør å takke ja til hjelp frå uventa hald.

Det er ikkje nok å vere sterk. Du må av og til lene deg på nokon og be om hjelp. Det har alle lov til av og til synest eg, seier ho.

Publisert 04.06.2024, kl. 22.01

Read Entire Article