– Så lenge det ikkje blir lagt meir press på Russland, kan Vladimir Putin berre halde fram med det han gjer i dag.
Det seier Karen Anna Eggen, forskar ved Institutt for forsvarsstudium.
Karen-Anna Eggen forskar ved Institutt for forsvarsstudium.
Foto: Ismail Burak Akkan / NRKReaksjonane har ikkje late vente på seg etter eit russisk luftangrep i den ukrainske byen Sumy i går. Sjølv om Donald Trump har starta samtalar om fred i Ukraina, er det så langt ikkje noko semje om korleis ei våpenkvile vil sjå ut.
– Sjølv om det har kome trugslar frå Trump si side på sosiale medium eit par gongar, er presset på Russland fråverande, seier Eggen.
Samstundes seier Det kvite hus at den amerikanske presidenten sin innsats for å få på plass ein fredsavtale mellom Ukraina og Russland kjem på eit «avgjerande tidspunkt».
Sterke reaksjonar etter Sumy-angrepet
Søndag morgon blei minst 34 personar drepne i eit luftangrep i byen Sumy, nordaust i Ukraina. To av desse er born. 117 blei skadde.
Måndag kallar Donald Trump angrepet «forferdeleg» og seier han er blitt fortalt at det var eit uhell.
Angrepet på Sumy skjedde då mange var på veg til kyrkjes
Foto: Sofiia Gatilova / Reuters / NTBRussiske styresmakter har ikkje kommentert angrepet.
Den påtroppande statsminister i Tyskland, Friedrich Merz, kallar angrepet ei krigsbrotsverk. Generalsekretær i FN, António Guiterrez, peikar på at angrep mot sivile ikkje er lov under internasjonal folkerett.
Alle ventar på om det kan komme fleire reaksjonar frå Donald Trump på det russiske angrepet på Sumy, seier NRKs utanriksreporter Gro Holm.
Ukrainske luftstyrkar seier at Russland har sendt 62 dronar med formål om å gå på angrep på Ukraina natt til måndag. Vidare seier dei at 40 av desse blei skotne ned. Det er uklart kva som skjedde med dei andre 22 dronane.
Samstundes seier det russiske forsvarsministeriet at Ukraina har gjort åtte angrep mot russisk energiinfrastruktur dei siste 24 timane.
Det kan verke som ei våpenkvile ikkje enno er i sikte.
Trur Putin gjer narr av Trump
– Eg håpar Trump kan sjå at Putin gjer narr av godviljen hans.
Radoslaw Sikorski høyrer til partiet PO, eit kristendemokratisk parti i Polen.
Foto: NICOLAS TUCAT / AFP / NTBDet sa den polske utanriksministeren, Radoslaw Sikorski, då han kom til eit møte for utanriksministrar i EU i Luxembourg måndag.
– Ukraina sa ja til ein våpenkvile utan vilkår for over ein månad sidan. Det avskyelege angrepet på Kryvyj Rih og på Sumy er Russland sitt hånande svar, sa Sikorski.
Samtalar om Ukraina
Donald Trump sette i gang samtalar mellom Russland, Ukraina og USA kort tid etter har blei innsett som president i januar.
I mars møtte russiske og amerikanske delegasjonar til samtalar om forholdet deira i Saudi-Arabia. Møtet skapte sterke reaksjonar då Ukraina ikkje var invitert og fred i Ukraina stod på agendaen.
Russiske og amerikanske delegasjonar møttest i Saudi-Arabia for å diskutere forholdet sitt, men også fred i Ukraina.
Foto: SAUL LOEB / AFP / NTBLaurdag førre veke møtte utanriksministrane i Russland og Tyrkia der dei mellom anna skal ha diskutert våpenkvile i Ukraina, ifølgje tyrkiske kjelder til Reuters.
Den russiske utanriksministeren, Sergej Lavrov, sa at det var korkje direkte eller indirekte kontakt mellom Russland og Ukraina på diplomatiforumet i helga.
Samstundes ber Ukraina saman med europeiske land om å bli meir involvert i forhandlingane.
Inviterte Trump til Ukraina
Zeleskyj inviterte Trump til å kome til Ukraina og sjå konsekvensane av krigen i ein 60 Minute dokumentar søndag.
– Ver så snill, før ein tek ein einaste avgjersle eller tek del i forhandlingar, kom og sjå folk, sivile, soldatar, sjukehus, kyrkjer, born øydelagde eller døde, sa Zeleskyj.
Publisert 14.04.2025, kl. 12.26 Oppdatert 14.04.2025, kl. 12.41