I boka skriv Seierstad seg gjennom Russland for å forstå og beskrive landet som har invadert Ukraina.
– Det rører meg enormt å få Bokhandlerprisen i år. Arbeidet med boka har vore langvarig og komplisert.
– Eg forventa ikkje at så mange lesarar ville vere interesserte i å dykke ned i djupna av Russland slik dei har gjort, seier Seierstad.
Ho har vunne både Bokhandlerprisen og Brageprisen før.
Foto: Terje Pedersen / NTBBokhandlarane sjølve stemmer fram vinnaren av Bokhandlarprisen.
– I ei tid prega av krig og uro, treng vi bøker som gir innsikt og hjelper oss å forstå verda. Prisvinnaren i år er ei slik bok, seier Anne Schiøtz, direktør i Bokhandlerforeningen.
For mens andre reiser bort frå Russland reiser Seierstad inn.
Inngangen i boka blir ein soldat som kjem over grensa til Finnmark.
«Livet i Russland er som å leve med en du er veldig glad i, men som er alvorlig syk», skrev hun nylig til meg.
Andrej Medvedev har rømt frå den berykta Wagner-gruppa, den private hæren som stod bak nokre av dei verste ugjerningane i Ukraina.
Andrej Medvedev har tidlegare fått avslag på asylsøknad i Noreg.
Foto: NTBSeierstad fortel Andrejs historie, frå barndommen i ein landsby i Sibir, prega av vald, fyll og fattigdom.
Det er nesten 20 år sidan Åsne Seierstad sist skreiv bok frå det tidlegare Sovjetunionen. «Dei krenka» frå 2007 tok for seg krigen i Tsjetsjenia, og særleg skjebnane til barna.
Seierstad har budd og studert i Russland som ung og snakkar språket.
Boka har fått terningkast fem i NRK og seks i VG, men ikkje alle er like glade i boka.
Yulia Pidlisna er Ukrainsk formidlar og skriv i Aftenposten at boka gir henne ein vond smak i munnen.
– Mange meldarar lèt seg fascinere av vald, vodka og mystikk og gløymer at bakteppet er ein høgst reell russisk invasjonskrig mot Ukraina.
– Ukrainsk historie blir framstilt på ein russisk-imperialistisk måte, utan ein einaste fotnote som markerer at det intervjuobjekta i boka fortel, ikkje stemmer overeins med historiske fakta.
Publisert 11.11.2025, kl. 12.59 Oppdatert 11.11.2025, kl. 13.45















English (US)