Uendra styringsrente i USA

2 weeks ago 16



1. mai 2024 kl. 20:00

Den amerikanske sentralbanken (Federal Reserve) held styringsrenta uendra i intervallet 5,25-5,50 prosent. Der har den lege sidan i fjor sommar.

Det er det høgaste rentenivået USA har hatt på 22 år.

Som dei fleste andre sentralbankar, prøver Federal Reserve å stagge prisveksten – og halde den kring 2 prosent.

Nedgangen for prisveksten i USA har stoppa opp. I mars enda prisveksten på 2,7 prosent samanlikna med same månad i fjor, ifølgje PCE-målinga. Det er den målinga den amerikanske sentralbanken likar best å sjå til.

«I dei siste månadane har det vore mangel på vidare framgang mot komiteen sitt 2-prosentmål», erkjenner sentralbanken i si avgjerd.

I mars signaliserte den amerikanske sentralbanken at dei ville kutte renta tre gonger i år. Det er færre og færre som trur på tre rentekutt no.

«Rentekomiteen meiner det ikkje vil vere hensiktsmessig å kutte renta før vi har fått større tillit til at prisveksten beveger seg berekraftig mot 2 prosent», skriv sentralbanken.

Fleire økonomar meiner at USA først er nøydde til å kutte styringsrenta, før ein kan sjå det same skje i Noreg.

Read Entire Article