Det norske utanriksdepartement er kjent med forliset utanfor Hurghada i Egypt, seier UDs pressetalsperson Andreas Bjørklund til NRK.
– Utanrikstenesta har kontakt med vår ambassade i Kairo som arbeider med å kartleggje situasjonen. Den svenske ambassaden har vore i kontakt med ein norsk borgar som var på båten og er i god behald. Vi har per no ingen opplysningar om at fleire norske borgarar var om bord, seier Bjørklund.
Fleire båtar har delteke i søket etter overlevande.
Foto: APDet var 45 personar om bord i båten då ulukka skjedde. Seks personar døde. Alle var russarar. Ingen er sakna etter ulukka, ifølgje guvernøren med ansvar for Raudehavet, Amr Hanafy.
Ukjend årsak
Hanafy opplyser til BBC at turistar frå Russland, India, Noreg og Sverige var med på turen.
I tillegg til dei seks døde, er ni personar skadde. Tilstanden for fire av dei skadde er kritisk.
Årsaka til ulukka er førebels ikkje kjend.
Ulukka skjedde i hamna ved feriebyen Hurghada ved Raudehavet, melder BBC.
Både rednings- og turistbåtar deltok redningsarbeidet etter ulukka, skriv Al-Masry Al-Youm. I tillegg kom det over 20 ambulansar til staden, ifølgje avisa.
Populært blant turistar
BBC skriv at det dreiar seg om ein ubåt som kan gå ned til 25 meters djup, og som har plass til 44 passasjer.
Ubåten blir brukt til turist-turar for å vise fram korallreva i Raudehavet. Slike turar er svært populære blant turistar.
Stranda ved området der ubåten gjekk ned, utanfor feriebyen Hurghada i Egypt.
Foto: Stringer / Reuters / NTBPublisert 27.03.2025, kl. 16.58 Oppdatert 27.03.2025, kl. 17.59