Tysk turist drepen av hai sør for Kanariøyane

2 days ago 5



Ein tysk turist er død etter å ha blitt biten av ein hai, opplyser kystvakta på Kanariøyane til AFP.

Ulukka skjedde kring 500 kilometer sør for Kanariøyane. Ho var med ein britisk registrert seglbåt. Tysdag bad mannskapet på seglbåten om hjelp frå spanske og marokkanske styresmakter.

Kvinna mista eit bein i haiangrepet og blei frakta i helikopter mot Las Palmas. Ho døydde av hjartestans før helikopteret nådde fram, skriv avisa Canarias7.

Read Entire Article