Tyrkia blokkerer tilgangen til Instagram

1 month ago 29



2. august 2024 kl. 07:24

Tyrkiske styresmakter opplyser om at dei har blokkert tilgangen til Instagram i landet, melder Reuters.

Men dei seier ikkje kvifor dei stoppar tilgangen til det sosiale mediet, eller kor lange forbodet gjeld.

Blokkeringa skjer få dagar etter at Fahrettin Altun, som er talsperson for Tyrkias president, kritiserte Instagram for å blokkere kondolansemeldingar etter drapet på Hamas-toppen Ismail Haniyeh.

Instagram-eigar Meta har ikkje kommentert verken blokkeringa eller kritikken frå Altun, skriv Reuters.

Read Entire Article