Tvillingpappa nedprioriterer julegåver for betre vaksine

1 day ago 2



– Alle eg har snakka med, inkludert dei som set desse sprøytene med vaksine i ungane våre, helsesjukepleiarane, dei seier at dei kjøper privat vaksine. Derfor var det eit ganske greitt val for meg og min familie.

Wilhelm Solheim er tvillingpappa til to jenter som no går i sjuande klasse på ein barneskule i Tromsø.

I haust skulle dei få vaksine mot HPV-virus, som del av barnevaksinasjonsprogrammet. I Noreg er det no Cervarix som blir gitt. Den beskyttar mot to HPV-virus: HPV 16 og HPV 18.

Det takka Wilhelm og kona nei til.

En mann med briller står foran et apotek

Wilhelm Solheim er tobarnspappa til tvillingar i sjuande klasse. Han har betalt fleire tusen for at dei skal få ein annan vaksine enn den som blir tilbydd i barnevaksinasjonsprogrammet.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Dei ville heller gje tvillingane ein betre og sterkare vaksine, som både danske og svenske barn får.

Gardasil 9 er namnet på vaksinen fagfolka helst vil gje dei unge.

Den beskyttar mot ni HPV-virus, i tillegg til kjønnsvorter. Dette kan utvikle seg til livmorhalskreft, kreft i munn og svelg, kreft i anus og i penis.

Det har Noreg takka nei til.

Helsestyresmaktene meiner norske barn er godt nok beskytta med Cervarix.

90 minutt startar – no!

Noreg gjekk for Cervarix, som er rimelegare enn Gardasil 9.

– Den ekstra kostnaden for å ta vaksinen, syntest eg ikkje var så høg. Derfor valde eg og familien min å gjere det.

Tobarnspappaen bryr seg om dette. Nokon han kjente, fekk livmorhalskreft. Dette ville han ikkje skulle hende med døtrene.

Men å ta dei ut av det offisielle barnevaksinasjonsprogrammet var ikkje berre-berre.

Skal ein ta Gardasil 9, kostar det 1713 kroner per dose. Barn under 15 år skal ha to dosar. Wilhelm har to. Det blir nærmare 7000 kroner for fullvaksinerte barn. Det skal vere seks månadar mellom kvar dose.

– Eg må ta meg fri eit par timar frå jobb kvar gong dei skal få sprøytene, fortel Solheim.

Så snart vaksine-ampullane er henta ut frå apoteket, må dei inn i armen etter 90 minutt.

Da går klokka.

Gardasil 9

Slik ser Gardasil 9 ut. Den blir nytta i mellom anna Sverige og Danmark i deira livmorhalsprogram.

Foto: Ingvild Edvardsen

Jentene fekk time hos fastlege for å setje vaksinane. Ein kan nemleg ikkje berre sende dei med ungane og få helsesjukepleiar på skulen til å setje dei. Det har ein ikkje lov til.

Ekspert: Vil sjølvsagt ha den beste

Nyleg kunne NRK melde at ingen nordnorske kvinner under 30 har fått livmorhalskreft dei siste to åra:

Dette kan forklarast på fleire måtar, men den store årsaka er at det første kullet med jenter som fekk vaksine i 2009 no har blitt kvinner ein kan sjå i statistikken.

I Noreg har det vore sterke protestar frå fagmiljøa på at det er Cervarix som har blitt valt i anbodskonkurransar. Faglege utval har anbefalt å bruke Gardasil 9. Den er dyrare enn Cervarix.

– Eg håpar dei vel ein vaksine som dekker ni typar. Har du ein vaksine som dekker ni typar, kan du redusere talet koniseringer med 80 prosent.

Det meiner Sveinung Wergeland Sørbye, overlege ved Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN). Han har jobba med HPV-viruset i mange år.

Han meiner at Noreg i neste runde må gå for Gardasil 9. Det held ikkje berre å gå for det billigaste alternativet, meiner han.

Overlege ved UNN, Sveinung Sørbye.

Sveinung Sørbye er overlege ved UNN, og forskar på HPV-viruset. Han er blant fagpersonane her til lands som ber Noreg om å gå for Gardasil 9 når ein skal velje HPV-vaksine for barnevaksinasjonsprogrammet.

Foto: Universitetssykehuset Nord-Norge

– Vaksinen er bra, men når det finst ein som er betre, så vil ein sjølvsagt ha den beste. Det er liten prisforskjell på vaksinane, men konsekvensane og behandlinga av kreft kostar jo millionar.

– Kva trur du Noreg vil spare på at talet på denne krefttypen går nedover?

– Livmorhalsprogrammet kostar rundt ein milliard per år. Ein ser at blant dei som har fått vaksine, kan ein truleg redusere talet screeningar i løpet av livet. Det er ikkje så gøy å gå til lege og ta ei gynekologisk undersøking.

En mann ser inn i et mikroskop

Dei siste to åra har ingen nordnorske kvinner under 30 år fått påvist livmorhalskreft, fortel Sveinung Sørbye, som er ekspert på HPV-viruset.

Foto: Håkon Iversen / NRK

Klasseskilje?

Wilhelm og familien er ikkje aleine om å velje «den andre vaksinen». I fjor blei det selt 38.000 dosar Gardasil 9. I oktober i år hadde vi allereie passert det talet, skreiv Sykepleien.

Vi kan ikkje vite nøyaktig kor mange som har fått Gardasil 9-vaksine. Vaksne tar tre dosar, barn under 15 år treng to.

– Eg vil jo at mine døtrer skal få den beste beskyttelsen som finst, og eg skulle ønske dei fekk den gratis på skulen. Når dei ikkje gjer det, så ordnar eg det sjølv.

I ei tid kor alle kostnadar aukar, er det kanskje ikkje noko alle har råd til eller vil prioritere. Heller ikkje når vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet er gratis.

HPV Vaksine

Cervarix er gratis og del av barnevaksinasjonsprogrammet. Den beskyttar mot to HPV-virus.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Kan dei som betalar for vaksinen vere med på å skape eit klasseskilje?

Wilhelm tenker seg om.

– Vi har jo uendeleg med ting å bruke pengar på i familien vår. Og vi må heile tida velje mellom det som er greitt nok og det som er den beste løysinga. Da sparer vi heller pengar på andre ting, som å kjøpe rimelegare julegåver.

– Jentene har jo vore i ein klasse i eit stort trinn der det er fleire som ikkje har tatt vaksinen frå barnevaksinasjonsprogrammet. Korleis har dei snakka om det blant dei andre unge?

– Eg og kona mi har vore bevisste på dette, for det er vi som har valt ein annan vaksine til ungane. Det er ikkje ungane sjølv som har gjort valet, seier Wilhelm og legg til:

– Ungane samanliknar seg sjølv med andre heile tida.

Dei har kalla det ein «sterkare» vaksine, ikkje ein «betre» vaksine.

Kritisert

Ekspertane meiner at innan 2038 er talet på norske kvinner som får livmorhalskreft nede på 100 tilfelle per år. I dag er det årleg nærmare 300 kvinner som får diagnosen.

Svenskane er framfor oss. Der snakkar ein om at ein så tidleg som i 2030 kan vere på merket til Verdas helseorganisasjon.

Brage Sollund Larsen

Brage Larsen Sollund i Kreftforeningen vil at Noreg skal gi Gardasil 9 i barnevaksinasjonsprogrammet.

Foto: Per Inge Anthi Åsen / NRK

Brage Larsen Sollund er regionleiar for Kreftforeningen i Nord-Noreg. Han skulle gjerne sett at norske helsestyresmakter gjorde som «söta bror» og tok inn Gardasil 9 i barnevaksinasjonsprogrammet.

– Kreftforeningen meinte at ein burde be om meir beskyttelse. Det valte direktoratet å gå mot, og det har vi også kritisert tidlegare, seier Sollund.

  •  Heiko Junge / NTB scanpix

    Heiko Junge / NTB scanpix

    Slik svarer dei som avgjer vaksinespørsmålet

    Det er to instansar som kjem med sine faglege grunngjevingar. Dette er Direktoratet for medisinske produkter (DMP) og Folkehelseinstituttet (FHI). Saman har dei laga ein rapport om HPV-vaksina i barnevaksinasjonsprogrammet.

    I slutten av oktober blei denne rapporten levert til Helse- og omsorgsdepartementet.

    Til denne saka har rådgjevar Ingvild Wathne Johnsen svara.

  • HPV-vaksine

    JOE RAEDLE / Afp

    Vaksina er god

    Johnsen skriv:

    «Det er viktig å minne unge, foreldre og foresatte på at vaksinen som tilbys i dag gir svært god beskyttelse mot kreft og må tas før seksuell debut for å ha full effekt. Det viktigste unge kan gjøre for å beskytte seg mot HPV-relatert kreft er å ta vaksinen som er tilbudt.»

  • Celleprøve fra livmorhalsen som viser forstadier til livmorhalskreft.

    UNN

    Gardasil 9 beskyttar mot kjønnsvorter

    Johnsen legg til:

    «Begge vaksinene har vist like god effekt mot HPV-relatert kreft og forstadiene til kreft. I hovedsak er det tilleggsbeskyttelse mot kjønnsvorter som skiller de to vaksinene. Stortinget har vedtatt at formålet med HPV-vaksinasjon i barnevaksinasjonsprogrammet er å forebygge kreft og forstadier av kreft.»

I september fekk tvillingane til Wilhelm Solheim første dose av ein vaksine som skal beskytte dei langt inn i framtida. Det meiner han at staten burde ha tatt ansvar for.

– Eg synest at Noreg burde ta seg råd til å bruke 1500 kroner ekstra per barn. Det er om lag det som er forskjellen. Når det gjeld barn si helse, er det ikkje der vi bør spare pengane, seier han ettertenksamt.

Hallstein Husbyn, einingsleiar i Direktoratet for medisinske produkt, seier til NRK at det ikkje er tatt stilling til når neste anskaffing av HPV-vaksinen vil bli gjennomført, men at dei reknar med å få ei avklaring på om noverande anbod skal forlengast innan hausten 2026.

Heia!

Kva synest om det du las no? Har du innspel eller idear til andre ting eg burde skrive om?

Frå før har eg mellom anna skrive om Henriette Robertsen, som er ufør, og som finn ein veg tilbake til arbeidslivet gjennom nål og tråd.

Eg har også vore på Tromsø Gravlund og funne grava til ein av dei få som overlevde Titanic-forliset.

Eit litt "pikkant" kunstverk på Helsehuset i Harstad pirra også spørsmåls-muskelen min, og det kan du lese om her.

Meld meg gjerne!

Publisert 13.12.2025, kl. 10.08

Read Entire Article