TV2: Frikjend i Høgsterett etter å ha drukna hundrevis av mus

2 days ago 9



Draumen om eit småbruk blei annleis enn det trebarnsmora Linda Strand hadde tenkt då ho og familien kjøpte hus i Surnadal. For inne i det 400 år gamle tømmerhuset kravla og kraup det med mus i skuffer og skap.

Ei heimelaga musefelle blei redninga og iløpet av to-tre dagar klarte ho å drukne fleire hundre mus.

Spørsmålet Høgsterett no har avgjort er om kravet til ein dyrevelferdsmessig forsvarleg avlivingsmetode også skal gjelde for skadedyr som mus.

Og svaret er: nei.

Det var TV2 som meldte dette først.

– Eg er kjempeletta og glad for at eg tok saka så langt. Det var verdt kampen, seier Linda Strand til NRK.

Ho seier ho er overraska og har førebels ikkje lese dommen.

«Høyesterett legger vekt på situasjonen kvinnen stod i, og at bøttefeller har vært mye brukt for å få bukt med store museproblem. Regelverket åpner dessuten for bruk av gift, ikke minst av profesjonelle, til tross for de lidelsene gift påfører dyrene. Høyesterett mener at kvinnen ikke kan straffes for å brukt fellen, selv om hun ikke først forsøkte de alternativene som lagmannsretten pekte på», heiter det i dommen.

Linda Strand i Surnadal

Linda Strand i Surnadal møtte nyleg i Høgsterett. No er dommen klar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Brukte Bamsemums som agn

Så gale var museproblema, at trebarnsmora har fortalt at ho måtte bruke støvlar innandørs. Verken ordinære musefeller, høgfrekvente lydar, gift – eller ein ekstra katt – skal ha gitt resultat.

Løysinga blei å lokke musene med Bamsemums ut til ein tom, roterande brusboks.

Der fall dei ned i ei gamal sinkbøtte med frostvæske og vatn og drukna.

Linda Strand med katten Rigfar

Katten Rigfar har ikkje klart å hamle opp med alle musene i huset.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Vil ikkje akseptere førelegg

Sjølv var Linda Strand så fornøgd med den heimelaga fella at ho la ut eit innlegg på Facebook der ho tipsa andre. Det fekk både politiet og dyrevernorganisasjonen Noah til å reagere.

Saka endte med eit førelegg på 6000 kroner, som Linda Strand nekta å godta.

Dermed endte saka i rettsvesenet, og ho blei dømd både i tingretten og lagmannsretten.

Statsadvokat Magne Nyborg

Statsadvokat Magne Nyborg representerer påtalemakta i musesaka i Høgsterett.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Fleire hundre følgde saka

Det var stor interesse rundt saka då Høgsterett nyleg strøyma saka. Rundt 500 tilskodarar fekk med seg behandlinga elektronisk.

Thor Kleppen Sættem, som er forsvarar for Linda Strand, har tidlegare uttalt til NRK at hundrevis, om ikkje tusenvis av menneske rundt om i landet, har avliva mus på same måte.

Liknande musefeller blir selde i fleire butikkar.

Eldre hus i Surnadal

Det gamle tømmerhuset i Surnadal har vore bustaden til mange mus dei siste åra. No bur der også ein familie på fire.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Publisert 26.06.2024, kl. 14.55 Oppdatert 26.06.2024, kl. 14.59

Read Entire Article