Private investorar vil kjøpe turistikonet Trollstigen

2 days ago 7



Det er forretningsmannen Erik Berg i Molde som går i bresjen for å få ta over Trollstigen. Han meiner det er katastrofalt å stengje det internasjonalt kjende området, og er redd for at stenginga blir langvarig.

Kvart år kjem over ein million turistar på besøk. I år blir det langt færre.

– Vi lever av å tene pengar. Trollstigen er eit produkt som er lønsamt i aller høgste grad. Dersom staten og fylket ikkje gjer noko, er det absolutt ønskeleg at det private tek over. Då har staten og fylket vist at dei ikkje kan handtere ein slik juvel, seier han.

Erik Berg

Investoren Erik Berg i Molde vil ta over Trollstigen og ta bompengar.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Han seier han har fleire samarbeidspartnarar som står klare til å vere med å ruste opp vegen til neste sesong, og deretter ta bompengar frå dei som køyrer Trollstigen.

Det var Romsdals Budstikke som fortalde om utspelet først.

Lovar at millionane kjem på plass no

Sjølv om steinar har treft fleire bilar på Trollstigen dei siste åra, har det vist seg vanskeleg å skaffe pengar til rassikring.

Det er behov for 50 millionar. Så langt har ingen vore villig til å bla opp.

Fylkesordfører Anders Riise (H) under debattbudsjetten i fylkesutvalget i Møre og Romsdal november 2023.

Fylkesordførar Anders Riise (H) seier dei skal klare å skaffe pengar til rassikring sjølve.

Foto: Remi Sagen / NRK

No seier fylkesordførar Anders Riise (H) at fylkeskommunen om nødvendig tek rekninga åleine og at Trollstigen kjem til å opne igjen til neste år. Riise er glad for initiativet frå investoren i Molde.

– Det er bra at han er med å legge press på politikarane på fylket og i statsapparatet, men vi skal klare å skaffe desse pengane, seier Riise.

Tidlegare denne veka var samferdselsminister Jon Ivar Nygård (Ap) på hastemøte om Trollstigen. Han kunne ikkje love pengar.

Samferdselsminister Jon Ivar Nygård (Ap) besøker Trollstigen.

Samferdselsminister Jon Ivar Nygård var på besøk i Trollstigen tidlegare i veka.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

– Høgst uvanleg

Trollstigen er ein av dei nasjonale turistvegane i landet.

Silje Myhre Amundsen i Statens vegvesen seier ho aldri før har høyrt at folk frå det private næringslivet har ønskt å ta over ein Nasjonal turistveg.

Eg har stor forståing for at det er svært mange aktørar som ønskjer å opne Trollstigen, seier ho, og legg til at ho trur fylkeskommunen og staten kjem til å klare det sjølv.

Ho seier dei ikkje vil meine noko om initiativet før dei eventuelt får ein konkret førespurnad på bordet.

Silje Myhre Amundsen

Silje Myhre Amundsen er seksjonssjef for Nasjonale turistvegar i Statens vegvesen.

Foto: Frid-Jorunn Stabell, Statens vegvesen

Vil innføre bompengar

Det er ikkje berre investorane som vil at turistane skal betale for seg i Trollstigen. Møre og Romsdal fylkeskommune har allereie søkt om å starte med bompengar.

Fylkesordførar Anders Riise trur det kjem på plass allereie neste år, og seier ein pris på 100,- kroner vil gje rundt 50 millionar i løpet av sesongen.

Det skal då mellom anna gå til rassikring.

– Dette er så spektakulært at eg trur turistane vil synest det er heilt greitt, seier han.

Rasområde i Trollstigen

Skisser av arbeidet som må gjerast i Trollstigen.

Foto: Statens vegvesen / Møre og Romsdal fylkeskommune

Står klare om nødvendig

Investoren Erik Berg i Molde seier han ikkje har tatt formell kontakt med Møre og Romsdal fylkeskommune eller fylkesordføraren, men at initiativet er seriøst meint.

– Dersom verken regjeringa eller fylket klarer å hoste opp 50 millionar for å redde Trollstigen, går gjerne reiselivsnæringa og næringslivet inn og tar over, seier Erik Berg.

Rauma

For mange turistar er Trollstigen og fjella rundt, eit spektakulært syn.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Publisert 29.06.2024, kl. 08.57

Read Entire Article