Det blei ikkje noko jubeldag for dei norske kvinnene på søndagens jaktstart i tyske Oberhof.
Maren Hjelmeset Kirkeeide var den norske løparen, som hadde best utgangspunkt før rennet. Ho starta dryge halvminuttet bak svenske Elvira Öberg, som starta først.
Men med seks bom, heldt det ikkje til betre enn ein 22. plass for Kirkeeide.
– På ståande der da eg fekk ein bom, så trur eg berre ikkje heilt orka å gjere det ordentleg. Det var litt slitsamt å hente seg inn att, seier Kirkeeide til NRK.
– Dette var eit minusløp. Eg har forståing for det etter to så supre løp før i veka, seier NRKs ekspert Ola Lunde om Kirkeeide sitt løp.
Kirkeeide gjekk det norske laget inn til ein andreplass på stafetten, laurdag.
Ingen kunne gjere noko med dagens vinnar, Öberg, som leia heile vegen inn til mål.
Finske Suvi Minkkinen tok andreplassen. Det blei ein duell om tredjeplassen, som til slutt Hanna Öberg tok.
Ingrid Landmark Tandrevold kom på 31. plass, mens Karoline Knotten gjekk inn til ein 39. plass. Åsne Skrede enda til slutt på ein 58. plass.














English (US)