– Eg nektar å tru at Iran har lova å aldri stenga Hormuzstredet igjen.
Det seier Iver B. Neumann, direktør ved Fridtjof Nansens institutt.
Fredag ettermiddag sa den iranske utanriksministeren at landet vil opna Hormuzstredet for kommersielle fartøy igjen, etter at ei våpenkvile mellom Israel og Libanon tredde i kraft torsdag kveld.
Kort tid etterpå rann det inn meldingar frå USAs president Donald Trump på hans eige sosiale medium Truth Social.
I ei av meldingane hevda Trump at Iran har lova å aldri stenga Hormuzstredet igjen.
– Det vil aldri igjen verta brukt som eit våpen mot verda! skreiv Trump.
Men den utsegna festar ikkje Neumann noko lit til. Han peikar mellom anna på at Iran som ein av verdas eldste sivilisasjonar aldri ville ha gitt noko slikt løfte.
– For det andre ser eg ikkje nokon grunn til at Iran skulle gje nokre løfte til ein stat som har trua med å utsletta den persiske sivilisasjonen frå jordas overflate for berre eit par veker sidan, seier direktøren.
Han viser til den oppsiktsvekkande meldinga frå Trump kort tid før ei våpenkvile mellom Israel og Iran tredde i kraft tidlegare i april.
– Ein heil sivilisasjon vil døy i natt. Eg vil ikkje at det skal skje, men det må sannsynlegvis det, skreiv han på Truth Social.
Trur ikkje på Trump
I tillegg til å hevda at Iran har lova å aldri stenga Hormuzstredet igjen, har Trump fredag hevda:
- at Iran, med hjelp frå USA, er i ferd med å fjerna alle undervassminer frå området
- at Israel ikkje lenger får lov av USA til å bomba Libanon. – Nok er nok!!! skreiv Trump.
Donald Trump har lagt ut ei rekke innlegg på Truth Social fredag, med til dels svært oppsiktsvekkande utsegner.
Foto: Manuel Balce Ceneta / AP,NTB– Du fester eigentleg ingen lit til det Trump kjem med av utsegner i dag?
– Nei, svarar Neumann kontant før han byrjar å le.
– Det er hyggeleg å kunna seia ja eller nei for ein gongs skuld. Det er heilt rett. Eg fester ingen lit overhovudet til dette.
Det var ein tydeleg effekt i marknaden då meldinga frå Iran kom. Blokkeringa av Hormuzsundet har gjort at oljeprisen har auka kraftig.
Torsdag var prisen rundt 100 dollar. Like etter meldinga om opninga kom, sokk prisen til 90 dollar.
Òg Oslo Børs fell kraftig og enda med ein nedgang på 2,43 prosent.
Hormuzstredet
- Hva er Hormuzstredet og hvor ligger det?
Hormuzstredet er en av verdens viktigste skipsruter for transport av olje.
Stredet går mellom Iran og Oman, og deler Persiabukta fra resten av Det arabiske hav.
Gjennom stredet, som på sitt smaleste er i underkant av fem mil bredt, fraktes en femtedel av verdens olje og gass.
I 2025 ble rundt 20 millioner fat olje fraktet gjennom Hormuzstredet hver dag, ifølge det amerikanske energidepartementet. Det tilsvarer energihandel for nær 600 milliarder dollar i året.
Oljen kommer ikke bare fra Iran, men også fra Irak, Kuwait, Qatar, Saudi-Arabia og De forente arabiske emirater.
- Hvorfor er Hormuzstredet viktig i krigen mellom USA, Israel og Iran?
– Hormuzstredet er et av de stedene som det er enklest for Iran å påvirke militært og som har stor effekt på verdensøkonomien, som igjen kan påvirke USA ved å skape uro i verdensmarkedene, forteller Kyrre Tromm Lindvig.
Han er hovedlærer ved seksjon for strategi og fellesoperasjoner ved Forsvarets høgskole.
Kort tid etter at USA og Israel gikk til angrep på Iran, truet Iran med å «stenge» Hormuzstredet og sette fyr på alle skip som forsøkte å passere.
USAs president Donald Trump har advart om at Washington vil slå enda hardere tilbake dersom Iran blokkerer oljeeksporten.
- Hvorfor skjer det angrep ved Hormuzstredet nå?
Lindvig forklarer at Iran har mistet mye av sin evne til å angripe med avanserte missiler, som tidligere ble brukt mot mål i Gulfstatene, USA og Israel.
– Med Hormuzstredet kan Iran fremdeles påvirke militært på en veldig effektiv måte med relativt enkle midler, slik som droner, småbåter og miner, sier Lindvig.
Iran mener at alle amerikanske eller israelske skip, eller skip som frakter olje for de to landene, er legitime mål.
Hittil er det meldt om minst 14 angrep mot skip i Hormuzstredet de siste to ukene.
Onsdag ble lasteskip som seilte under flaggene til Thailand, Japan og Marshalløyene angrepet.
Den iranske revolusjonsgarden innrømmer å ha stått bak angrepet på det thailandske skipet.
- Hva er konsekvensen av å stenge Hormuzstredet?
Siden krigen startet har så godt som all skipstrafikk gjennom Hormuzstredet stått på pause.
Det fører til at transporten av olje og gass stoppes.
Når trafikken forstyrres, hopper olje- og gassprisene kraftig, noe som igjen har stor effekt på verdens aksjemarkeder, forklarer Lindvig.
Analysebyrået Wood Mackenzie venter oljepriser på 150 dollar per fat de neste ukene, forutsatt at Hormuzstredet forblir stengt. De advarer også om at prisen kan stige til 200 dollar fatet i løpet av 2026. Før krigen lå prisene på omkring 70 dollar per fat.
I tillegg må flere produsenter redusere produksjonen fordi lagrene deres fylles opp når eksporten stopper opp, forklarer Lindvig.
Irak, Qatar og Kuwait er noen av landene som har bestemt seg for å redusere produksjonen av olje og gass.
Asia og Europa er regionene som er mest sårbare for forstyrrelser i forsyningene, og som er mest avhengige av import av råolje, gass og drivstoff fra Midtøsten enn andre deler av verden.
Fleire avventar
Neumann er ikkje den einaste som ikkje tar løfta om opning av Hormuzstredet for god fisk.
Rederiforbundet, til dømes, meiner situasjonen framleis er uavklart.
– Det er framleis betydeleg usikkerheit, mellom anna knytt til minelegging, iranske vilkår og eventuell praktisk gjennomføring. Dette må verta avklart før ein kan vurdera utsegling, seier administrerande direktør Knut Arild Hareide til NRK.
Knut Arild Hareide
- Administrerende direktør i Norges Rederiforbund.
Òg norske Wilhelmsen Ship Management meiner situasjonen er uavklart og ventar på meir info.
Selskapet driftar fire skip som no er innanfor Hormuzsundet. Tre av dei skal ut når kysten er klar, seier kommunikasjonssjef Marius Steen.
Marius Steen
- Kommunikasjonssjef i Wilhelmsen Ship Management
– Når hever de ankeret?
– Me sitt stille i båten og forheld oss til nasjonale og internasjonale retningslinjer, svarar Steen.
Det danske selskapet Maersk seier òg at dei vil vurdera risikoen før dei eventuelt vel å segla gjennom sundet.
– Avgjerder om å passera sundet vil vera baserte på risikovurderingar og tett overvaking av tryggingssituasjonen, heiter det i ei utsegn frå selskapet ifølge Reuters.
Blokaden held fram
Trump seier òg at USA si blokade av skipstrafikk frå iranske hamner vil halda fram til dei to landa oppnår ei endeleg avtale.
Lurer du på korleis ein blokade faktisk fungerer? Les meir om det i saka under:
Iran, på si side, seier at dei ser det som eit brot på våpenkvila. Dei truar med å stenga sundet igjen viss ikkje USA opphevar blokaden.
– Eg trur USA kjem til å gjera det i løpet av forhandlingane, seier Midtausten-forskar Dag Henrik Tuastad til NRK.
Dag Henrik Tuastad
- Midtausten-forskar ved Universitetet i Oslo
Han vart overraska då han høyrde at Iran ville opna Hormuzsundet.
– Det er nesten for godt til å vera sant, kommenterer Tuastad.
Er du interessert i det som skjer i verda? Høyr utanriksredaksjonens podkast:
Publisert 17.04.2026, kl. 21.46








.jpg)


English (US)