«Berre ja betyr ja» og «nei betyr nei».
Det er prinsippa som regjeringa vil ha inn i straffelova som omhandlar seksuallovbrot.
Debatten om ei samtykkelov har engasjert svært mange. Men forslaget til justisminister Astri Aas-Hansen (Ap) får motbør.
– Som politikar kan ein ikkje ha eit mål om at fleire skal bli dømd. Det må heller vera eit mål om at dei riktige sakene blir dømd, seier den profilerte advokaten Mette Yvonne Larsen.
– Brutal strafferett
Ho er leiar av Forsvarergruppen i Advokatforeininga. Ho kallar regjeringa sitt forslag om samtykkelov som eit «aktivistforslag».

– Vi trur det berre vil komplisera ein allereie svært vanskeleg sakstype. Og eg meiner fleire vil gå fri, seier Larsen.
For kva er eigentleg eit «samtykke i ord eller handling», slik regjeringa vil det skal stå i første ledd i valdtektsparagrafen?
Viss ein kyssar nokon, er det ei ja til eit samleie eller ein annan type seksuell omgang? Kor langt strekkjer det «jaet» seg? Kva om nokon sovna? Korleis skal ein bevise dette, spør Larsen for å illustrera.
– Eg trur det blir ein god del brutal strafferett av dette, som ikkje fører oss nokon stad.
– Kva meiner du med «brutalt»?
– Fleire vil bli politimeld og tiltalt for valdtekt. Det vil råka unge folk som kanskje har famla seg fram, i rusa tilstand eller hatt blackout. Dei som hevdar seg valdtekne må i behandling og dei som blir skulda for det får livet sett på vent.
– Med «ja betyr ja»-modellen, så blir det etablert ein enno vanskelegare bevissituasjon og eg trur difor vi får fleire frifinningar, seier Larsen.
Dette er regjeringen sitt forslag
- «Bare ja betyr ja»-modellen tas inn som et nytt første ledd i voldtektsbestemmelsen i straffeloven § 291: Den som har seksuell omgang med noen som verken i ord eller handling har samtykket til det, kan straffes med fengsel inntil 6 år.
- Dagens voldtektsbestemmelse videreføres som et nytt andre ledd i § 291, samtidig som den utvides med et nytt straffalternativ basert på «nei betyr nei»-modellen: Den som har seksuell omgang med noen som i ord eller handling gir uttrykk for ikke å ville det, kan straffes med fengsel inntil 10 år.
- Opphevelse av minstestraffen på fengsel i tre år for voldtekt til samleie mv. og voldtekt til samleie av barn under 14 år. Regjeringen går også bort fra å angi normalstraffenivåer for voldtekt i forarbeidene. Domstolene skal få større rom for individuelle vurderinger i straffutmålingen enn i dag. Samtidig er det en forutsetning at det generelle straffenivået i hovedsak videreføres.
- For å styrke barns vern mot seksuell utnyttelse foreslår regjeringen at straffeloven § 295 bokstav c endres, slik at bestemmelsen rammer seksuell utnyttelse av en person under 18 år i en særlig sårbar «situasjon» i stedet for «livssituasjon»..
- På bakgrunn av utvidelsene av voldtektsbestemmelsen foreslås det at unntaket fra foreldelse begrenses til å gjelde grove voldtekter etter straffeloven § 293. Straffansvaret for fullbyrdede overtredelser av § 291 nytt andre ledd skal imidlertid ikke foreldes dersom fornærmede var under 18 år på gjerningstidspunktet.
Kjelde: Justisdepartementet
Trur det blir fleire opptak
TV 2 har i fleire saker sett søkelyset på filming og deling av seksuell omgang, særleg blant unge.
Politisk redaktør i Bergens Tidende, og jurist, Eirin Eikefjord, trur regjeringa sitt forslag kan føre til at fleire vil «sikre seg» før og under den seksuelle omgangen.

– Vi veit ikkje korleis dette vil slå ut, men bevissituasjonen i sakene vil jo endrast. Det blir enno meir fokus på kva eit offer sa eller gjorde. Eg trur vi vil sjå fleire eksempel på at nokon tek bilete eller filmar det som skjer, for å sikre seg. Då kan det oppstå nye krenkingar, seier Eikefjord.
Ho er overraska over at regjeringa har tatt inn samtykke i sitt forslag og meiner det ville vore nok med «nei betyr nei»-forslaget.
Regjeringa vil nemleg ha inn formuleringa om at den som har seksuell omgang med «nokon som i ord eller handling gir uttrykk for å ikkje ville det, kan straffast med fengsel i inntil ti år».
– Veldig mykje sex blir valdtekt, viss ein skal ta «ja betyr ja»-formuleringa bokstaveleg. Det funkar om ein vil ha ein oppdragande effekt på unge folk, men som straffelov blir det ikkje like presist.

Tre menn ble frikjent for gruppevoldtekt av Bertine (25) - nå står hun fram
– Skuldige har blitt frifunne
Men både Larsen og Eikefjord er nøgde med forslaget om å fjerne minstestraffa for valdtekt. Den er i dag på tre år.
Regjeringa vil at dommarane skal stå friare når dei skal dømma – i både «skjerpande og formildande retning».
– Eg er overtydd om at det finst eksempel på at skuldige har blitt frifunne fordi straffenivået for valdtekt står fram som høgt, seier Kristin F. Hammervik.

«Ida» (24) opplevde at dommen ble snudd på hodet: – Det ble en knusende kontrast
Ho er leiar av bistandsadvokatutvalet i Advokatforeningen. Hammervik trur problematiseringa av kva som faktisk er samtykke, vil minke nokså raskt dersom forslaget går gjennom.

– Eit vedtak om at «berre ja er ja», vil i praksis innebera at passivitet hjå den eine parten som hovudregel vil bety at samtykke ikkje ligg føre. Unge menneske som tidlegare har opplevd vald eller overgrep, og som i seksuelle situasjonar på ulike vis blir passive, har eit sterkt behov for den beskyttelse eit slikt påbod gir.
– Utvida omgrep
Eikefjord i BT er langt på veg samd i minstestraffa på tre år har gitt domstolane lite handlingsrom.
– Enkelte kan vegra seg
for å domfella når skiljet mellom skuldig og ikkje skuldig er så enormt brutalt
og står om tre-fire års fengsel, eller ingenting.
Regjeringa sitt forslag om samtykkelov gjer at valdtektsomgrepet er utvida, meiner ho.
– Mange assosierer valdtekt med den klassiske overfallssituasjonen. Mannen som skjuler seg i busken. Men i dag er det mannen som ligg i senga di når du sovnar, seier Eikefjord.
Overordna ho meiner forslaget til ny lov er meir i tråd med kva ei valdtekt er og at domstolane får større rom til å straffe ulikt etter kor alvorleg lovbrotet er.
Samstundes løyser ikkje «ja betyr ja»-forslaget det som er vanskelegast i sakene, nemleg bevisa.
– Det blir framleis ord mot ord og veldig ofte ingen vitne i fleire av sakene. Kan du då dømme nokon til straff? Det kan du jo ikkje.