Trump vil legge ned utdanningsdepartementet

9 hours ago 3



USAs president Donald Trump skal torsdag signere ein presidentordre kor han vil starte prosessen med å legge ned utdanningsdepartementet. Det melder Reuters.

Ordren vil la utdanningsminister Linda McMahon «ta alle naudsynte steg for å stenge utdanningsdepartementet og gi utdanningsmyndigheit tilbake til statane».

Samstundes kjem det fram at medan dette skjer så skal dei halde fram å sikre «effektiv og uavbrutt levering av tenester, program og ytingar som amerikanarane er avhengige av».

Å legge ned utdanningsdepartementet har vore eitt av Trump sine sentrale valløfter under presidentvalkampen.

Read Entire Article