Trump: – USA vil ta over Gazastripa

8 hours ago 7



– Vi vil ta over Gazastripa og eige den.

Det sa USAs president Donald Trump då han og Israels statsminister Benjamin Netanyahu hadde pressekonferanse frå Det kvite huset.

Han seier at dei vil rydde området frå farlege udetonerte bomber og farlege ting for å så skape økonomisk utvikling.

– Gaza burde ikkje bli oppbygd att og okkupert av dei same folka, sa Trump.

– Dei bur på eit område som er rive ned og har øydelagt betong over alt.

Vil at palestinarar skal flytte frå Gaza

I forkant av møtet og undervegs i pressekonferansen gjentar president Trump at han meiner palestinarane må forlate Gaza, heller enn å bygge opp att området.

– Gaza er ikkje ein stad der folk bør bu. Og grunnen til at dei er der er at dei ikkje har noko alternativ. Dei vil mykje heller bu i eit vakkert alternativ som er trygt, seier Trump under pressemøtet.

– Gaza har vore helvete for dei, seier han òg.

FN-utsendingen til palestinarane Riyad Mansour ber dei to statsleiarane likevel om å «respektere ønsket til palestinarane om å bli verande i Gaza».

I pressekonferansen seier Trump at han har snakka med andre statsleiarar i Midtausten og at dei, ifølgje han, «elskar» idéen om å flytte palestinarane frå Gaza.

U.S. President Trump meets Israeli PM Netanyahu in Washington

Foto: Elizabeth Frantz / Reuters

FN estimerer at over 90 prosent av bustadene er øydelagde etter 15 månaders krigføring.

Til frammøtte reporterar i presidentbustaden seier Trump at han meiner palestinarane på Gaza må få eit nytt heimland, skriv New York Times.

– Om vi kan finne det rette området, eller fleire landområde, og bygge nokre skikkeleg fine stader med mange pengar i området, så trur eg det ville vere betre enn å dra tilbake til Gaza, sa han ifølge avisa.

Møtst i Det kvite hus

Trump la til at han meiner det ikkje er noko alternativ, og sa han ikkje forstår korleis palestinarane ønskte å bli verande på Gazastripa.

Han foreslår både Jordan, Egypt og andre land som stader palestinarane kan dra. Han hevdar også at Saudi-Arabia ikkje har kravd ein palestinsk stat.

– Dei har berre opplevd død og øydelegging, seier han om palestinarane på Gaza.

Terrorangrepet mot Israel 7. oktober 2023 leidde til ein krig kor over 47.000 palestinarar blei drepne. Ein våpenkvileavtale mellom partane tredde i kraft 19. januar i år.

– Kor optimistisk er du for våpenkvila, spørst Netanyahu om.

– Vi skal prøve, seier Netanyahu, og legg til at det blir lettare å halde oppe avtalen når han og Trump samarbeider.

I forkant av møtet varsla president Trump at han trekker støtta til FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar i Midtausten (UNRWA), og trekker USA ut av FNs menneskerettsråd.

Publisert 04.02.2025, kl. 23.03 Oppdatert 05.02.2025, kl. 01.24

Read Entire Article