Nato blir flottare og meir effektivt dersom USA styrer Grønland, hevdar Trump på sin eigen sosiale plattform Truth Social.
– USA treng Grønland av omsyn til nasjonal sikkerheit. Det er avgjerande for Golden Dome som vi bygger. Nato bør gå i front for å sikre at vi får det. Dersom vi ikkje gjer det, vil Russland og Kina gjere det, og det kjem ikkje til å skje, skriv han.
«Golden Dome» er eit nasjonalt rakettforsvar, inspirert av Israels «Iron Dome», som Trump har planar om å bygge for USA.
Skjebnemøte
Meldinga til Trump kjem få timar før det som blir sett på som eit skjebnemøte mellom Danmark, Grønland og USA i Washington.
USAs visepresident J.D. Vance besøkte Grønland i mars i fjor.
Foto: JIM WATSON / AFP / NTBDanmarks utanriksminister Lars Løkke Rasmussen og Grønlands utanriksminister Vivian Motzfeldt skal møte USAs visepresident J.D. Vance og utanriksminister Marco Rubio.
Møtet har kome i stand etter ønske frå Danmark og Grønland, etter at Trump ved fleire høve har sagt at USA ønsker å ta kontroll over øya.
Opphaveleg skulle møtet ha vore halde i Det kvite huset, men er flytta til eit nærliggande bygg. Møtet skal etter planen skje rundt klokka 16.30 norsk tid.
Publisert 14.01.2026, kl. 13.27 Oppdatert 14.01.2026, kl. 13.36











English (US)