Trump bjeffar - men verda bit tilbake

3 hours ago 2



KOMMENTAR: Trumps retrett i tollkrigen viser at det er grenser for makt sjølv for verdas mektigaste mann. Trumps ønsketenking har møtt på den verkelege verda.

2. april – ifølgje Donald Trump USAs nye «Liberation Day» – innførte den amerikanske presidenten nye, elleville og til dels uforståelege tollsatsar mot omverda. Nå står dei fleste på vent. Foto: Mark Schiefelbein / AP / NTB
  • Jan Zahl

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

– Han bjeffar meir enn han bit. Men dessverre bit han ein del også.

Slik samanfatta sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i Sparebank 1 Markets Donald Trumps siste tilbaketog i handelskrigen han sjølv starta med Kina, i Dagsnytt 18 mandag. For etter å ha innført elleville – og til dels uforståelege – tollsatsar mot omverda på «Liberation Day» 2. april, er retretten nå eit faktum. I alle fall ein viss retrett. I alle fall i 90 dagar.

Ei veke etter at Trumps «gjensidige» tollsatsar blei annonsert – og berre nokre timar etter at dei begynte å verka – innførte Trump ein pause på 90 dagar for alle, unntatt Kina. Verdas nest største økonomi skulle tvert om straffast ekstra hardt.

Mandag kom den overraskande beskjeden om at USA og Kina har inngått ein ny tollavtale. Tollen på 145 prosent mot kinesiske varer – som i praksis ville stoppa handelen med Kina – blir redusert til 30 prosent, mens Kina tar 10 prosent på amerikanske importvarer. I alle fall i 90 dagar.

I mellomtida hadde Trump allereie redusert tollsatsen på viktige teknologivarer frå Kina. Bilbransjen hadde også lukkast i pressa Trump-regjeringa til å senka satsen i sin sektor. Og så har britane forhandla fram sin eigen avtale med USA.

Økonomisk sjølvskading

For dei aller, aller fleste fagøkonomar, er toll ein uting. Dei fører til høgare prisar – som særleg går ut over dei som har lågast kjøpekraft frå før. Dei går ut over eksportbedrifter, gjer det dyrare og meir komplisert å handla på tvers av landegrenser og bryt med tanken om komparative fortrinn.

USA kan verken produsera bananar, kaffi eller nødvendige mineraler til batteri og teknologi. Og alle har vel sett KI-videoen av tjukke amerikanarar som plutseleg sit i sweat shops og syr sine eigne t-skjorter og Nike-sko – basert på Trumps tanke om å flytta produksjonen heim frå lågkostland i Asia. Det kjem aldri til å skje.

Som finansminister – og sosialøkonom – Jens Stoltenberg har sagt, blant anna til Trump: Frihandel har tent oss alle. Og ikkje minst USA.

Tollsatsar og andre handelsbarrierar går rett og slett ut over heile den økonomiske veksten. Dei kan i verste fall føra til nedgangstider. Toll er rett og slett bad for business.

Høg amerikansk gjeld

Pussig då, at ein forretningsmann som Donald Trump tilsynelatande er så glad i toll. Noko som framfor alt skuldast eit anna problem i amerikansk økonomi, nemleg at USA bruker meir pengar enn dei sparer. USA importerer meir enn dei eksporterer og har opparbeida seg ei astronomisk høg statsgjeld.

Denne gjelda ser altså Trump for seg å redusera gjennom å ta inn toll frå landa som eksporterer til USA, som er verdas største økonomi. Det tankemessige rammeverket som ligg bak, stammar i stor grad frå økonomiprofessor Peter Navarro, som nå er Trumps økonomiske rådgjevar. Men Navarro er ein ganske einsam og eksentrisk svale innanfor økonomifaget. Teorien hans er at auka tollsatsar både skal gi pengar i kassen og føra til fleire industriarbeidsplassar og større produksjon i USA.

I praksis viste det seg at Trump ikkje berre har problem med å overtyda fagøkonomar og dei rådande økonomiske teoriane. Responsen på dei auka tollsatsane slo også tydeleg negativt ut i marknaden, hos bedriftseigarar, forbrukarar og i dei fleste andre land.

Altså i den verkelege verda.

Responsen på toll, handelskrig og full forvirring har vore bratt børsfall og tilnærma panikkarta stemning i næringslivet, både i USA og resten av verda. Ved 100-dagarsmerket i sin andre presidentperiode, sette Trump ny rekord i låg oppslutning. Og: mens økonomi alltid har vore hans sterkaste kort overfor opinionen, svarer eit stort fleirtal av veljarane etter dei tre første månadane av Trump 2.0 at dei ikkje har tillit til Trumps økonomiske politikk. Og at tollmurane vil skada amerikansk økonomi.

Press fungerer

Og når Wall Street, næringslivet og veljarane – i tillegg til naboar og andre handelspartnarar – vender seg mot presidenten, vil også republikanske politikarar etter kvart begynna å skjelva. Både kongressmedlemmer som håper på attval om halvtanna år, men også administrasjonen rundt Trump i Det kvite hus. I ein episode av podkasten The Daily frå New York Times der dei summerer opp Trumps første 100 dagar, snakka reporterane om korleis folk i administrasjonen hadde vore desperate etter å finna ein verdig veg ut av handelskrigen heilt sidan «Liberation Day». Nå ser det ut til å vera finansminister Scott Bessent som held taumane i handelspolitikken, ikkje økonomirådgjevar Peter Navarro.

Har Trumps kaotiske, økonomiske politikk noko å seia for oss? Absolutt. Norge – og Rogaland – eksporterer kanskje ikkje så veldig mykje til USA. Men alle som har pengar i eit aksjefond, har merka børsuroa. Alle som handlar i butikken, merkar inflasjonen. Alle som har lån, merkar at renta endå ikkje har gått ned.

Tysdag viste Finans Norges Forventningsbarometer at nordmenns tru på eigen økonomi er halvert etter tre månader med Trump. Optimisme er erstatta av pessimisme. Det fører igjen til at me kuttar på forbruket og sparer meir. Som ikkje er godt nytt for økonomien i stort.

Så sjølv om det er mykje bjeffing og støy frå Washington D.C., bit det økonomisk. Også på den andre sida av Atlanterhavet.

Publisert:

Publisert: 14. mai 2025 12:16

Read Entire Article