Trump ber Ukraina forhandle med Russland utan våpen­kvile: – Ha eit møte no!

20 hours ago 8



Søndag ettermiddag er det stille frå Russland. Ingen veit om dei går med på våpenkvile frå måndag av.

For nettopp det krev Zelenskyj, med europeiske leiarar i ryggen.

Søndag ettermiddag skriv USAs president Donald Trump på Truth Social, at Ukraina og Russland bør møtes ved forhandlingsbordet uavhengig av ei våpenkvile.

Og det umiddelbart, skriv Trump.

Skjermdump av Donald Trumps Truth Social

Dette la Donald Trump ut på Truth Social søndag ettermiddag.

Faksimile: Skjermdump

«Eg har begynt å tvile på at Ukraina vil inngå ein avtale med Putin», skriv han vidare.

Putin har ikkje sagt noko om våpenkvila, men har sagt seg villig til å forhandle direkte med Ukraina. Han har foreslått å møtes 15. mai i Istanbul, Tyrkia.

Desse dagane er det også eit uformelt Nato-møte i Tyrkias hovudstad Antalya. Der skal USAs utanriksminister Marko Rubio og Noregs utanriksminister Espen Barth Eide.

USA lagt hardt press på Russland

Europeiske leiarar har lagt hardt press på president Vladimir Putin i Russland for å få slutt på krigen.

Laurdag var mellom anna Frankrike, Tyskland og Storbritannia samla i Ukraina for å møte Volodymyr Zelenskyj.

Etter toppmøtet i Ukraina laurdag, sa Frankrikes president Emmanuel Macron at dei saman foreslår ei 30 dagar lang våpenkvile.

en gruppe menn som sitter i stoler

(Frå venstre) Storbritannias statsminister Keir Starmer, Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj, Frankrikes president Emmanuel Macron, Polens statsminister Donald Tusk og Tysklands forbundskanslar Fredrich Merz.

Foto: Mstyslav Chenov / AP / NTB

– Det kan ikkje vere forhandlingar samstundes som at sivile blir bomba. Ei våpenkvile er nødvendig slik at fredssamtalane kan byrja, sa Macron.

Tysklands forbundskanslar Friedrich Merz, sa at sanksjonane mot Russland kan bli skjerpa om ikkje landet godtek ei avtale om våpenkvile.

Forhandlingane som dei siste månadane har gått føre seg, har vore mellom partane og USA.

USAs utsending til Ukraina, Keith Kellogg skriv i eit innlegg på X søndag ettermiddag at fredsforhandlingane må gå føre seg under ei våpenkvile.

Men har den amerikanske pipa fått ein annan lyd.

Zelenskyj rådgivar og stabssjef stiller seg bak Kellogg på Telegram og krev først ei våpenkvile og «deretter alt anna».

en person som står på et podium med mikrofoner foran flagg

Natt til søndag 11. mai møtte Russlands president Vladimir Putin pressa i Moskva.

Foto: Sergei Bobylev / AP / NTB

Har ikkje trua på våpenkvile

Natt til søndag møtte Vladimir Putin pressa i Moskva og annonserte at han ville forhandle direkte med Ukraina.

Han utelukka då ikkje at desse forhandlingane kunne får til ei våpenkvile.

– Målet er å fjerne dei grunnleggande årsakene til konflikten og skape langvarid fred med historisk perspektiv, sa han.

Kartet viser russisk-okkuperte område i Ukraina per 10. mai.

Russland-forskar Karen-Anna Eggen er spektisk til fråsenga.

– Russland held fast ved at forhandlingane må ta tak i «rotårsakene» tl krigen, noko som i hans vokabular betyr ukrainsk underkastlese og europeisk ettergivenheit.

Ho tvilar på våpenkvile dei neste dagane.

– Så lenge det ikkje blir lagt sterkare press på Russland eller at det er store endringar i Russland eller Ukrainas favør i slagmarka, er sjansen for våpenbjvile og fredsavtale svært liten, seier Eggen.

Publisert 11.05.2025, kl. 18.41 Oppdatert 11.05.2025, kl. 18.57

Read Entire Article