– Me ser indikasjon på at det har vore eit betydeleg omfang.
Det seier helsebyråd Merethe Ranum (H) til NRK.
Trondheim kommune opplyser at dei har avdekka informasjon som indikerer eit systematisk misbruk av sjukemelding frå fire fastlegar.
– Mistanken bygger på at i alt fire legar i et relativt betydeleg omfang har vore sjukemeldt frå sine stillingar i kommunen, samstundes som dei i same tidsrom har jobba i sin private fastlegepraksis.
Difor meldte Trondheim kommunen dei fire fastlegane til politiet i går.
– Me har funnet grunn til å melde til politiet forholdet, men det må handterast av politiet, seier Ranum.
Samstundes som dei har vore Legane skal jobbe ved same fastlegekontor. NRK har ikkje lukkast i å kome i kontakt med dei.
Merethe Ranum er helsebyråd i Trondheim.
Foto: Mathias Mikalsen / NRKØkonomisk konsekvens på 5 millionar kroner
Dei fire legane har vore tilsett i ei 30 % stilling hos kommunen.
– Den økonomiske konsekvensen for kommunen, sånn som vi har vurdert det no, er i overkant av 5 millionar kronar.
Ho seier kommunen har gått gjennom data der dei samanliknar kvar enkelt lege sin sjukemeldingsdata.
– Det varierer kor mykje den enkelte har vore sjukemeldt og antatt urettvist har fått utbetalt.
Ifølge kommunen skal det vere snakk om ein periode på to til tre år.
– Det me har sett, er jo at vi har indikasjonar på at det har vore eit relativt betydeleg omfang.
Politiet stadfester
– Eg kan stadfeste at vi har mottatt ein melding, seier jourhavande jurist Ellen Andresen.
Ho fortel at politiet no registrerer meldinga i sine system og førebels ikkje har tatt stilling til kva dei vil gjere vidare.
– Den må bli registrert og så vil den bli følgt opp vidare og vurdert opp mot etterforsking.
Publisert 26.06.2025, kl. 10.10 Oppdatert 26.06.2025, kl. 10.26