Politikarane i Trondheim har lenge diskutert kva området på Overvik aust i Trondheim skulle brukast til.
I 2005 vedtok politikarane at Overvik skulle brukast til landbruk-, natur og friluft.
Etter dette begynte grunneigarar å jobbe for at området skulle omdisponerast til bustadutbygging.
I 2014 blei det tatt med i kommuneplanen sin arealdel at kområdet kunne brukast til utbygging.
Politikarane i Trondheim fekk kritikk for å la seg påverke av utbyggarane.
Men i 2019 vedtok bystyret at området aust i Trondheim skulle brukast til utbygging av bustader.
Planen mogeleggjorde mellom anna utbygging av minst 2400 bustader, ein barneskule og to barnehagar.
Utbyggarane gjekk i gang med å bygge bustader på ein liten del av området. Fleire av desse står ferdig og er busett i dag.
To år seinare blei det vedteke at det ikkje skal byggast ut på delar av området likevel. Det skulle førast tilbake til landbruk, natur og friluftsliv.
Det skjedde mellom anna etter at Stortinget vedtok ein ny nasjonal jordvernstrategi.
Og i 2024 vedtok politikarane at delar av området skulle førast tilbake til landbruksføremål.
Då gjekk Sentrum-høgre-byrådet til SV for å dra i land arealplanen til Trondheim kommune.
No går selskapa Overvik Eiendom AS, Overvik Lokalsenter AS og Blekkan Utvikling AS til søksmål mot kommunen.







English (US)