Trond Giske ikkje foreslått som stortingskandidat – varslar benkeforslag

1 month ago 19



Styret i Trondheim Arbeidarparti har kome med eit forslag til vedtak før kveldens møte i representantskapet.

Men styret er splitta. Fleirtalet har ikkje eit forslag, men mindretalet skal ha foreslått ei liste med topp fem kandidatar til Stortinget frå Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag valkrets.

Og Trond Giske er ikkje ein av dei fem kandidatane. Men på lista står derimot Karianne Tung, Kirsti Leirtrø, Sara Shafighi, Per Olav Skurdal Hopsø og ein kandidat frå AUF.

Allereie no bekreftar Nils Nesjan, delegat frå Byåsen arbeidarlag, at han stiller vil benke Trond Giske inn på toppen av lista.

Nesjan seier til NRK at han vil vente til i kveld med å kommentere kvifor han ønsker Giske på Stortinget.

Trond Giske har så langt ikkje svart på NRK sine førespurnader.

Må sanke stemmer

På kveldens møte har Giske sitt lokallag, Nidaros sosialdemokratisk forum, 84 av totalt 178 delegatar.

Det betyr at Trond Giske treng litt fleire stemmer enn frå eige lokallag for å bli stemt inn på lista.

NRK har forsøkt å få bekrefta frå Karianne Tung om ho vil stå på lista, men ho har enno ikkje svart.

Det var Adresseavisen som omtalte listeforslaget frå mindretalet i styret først.

Publisert 15.08.2024, kl. 12.49 Oppdatert 15.08.2024, kl. 13.00

Read Entire Article