Vålerenga tok seg til cupfinalen etter å ha vunne 2–1 mot Brann, men det var ikkje utan kontroversar.
For Karina Sævik blei felt to gonger i motstandarens sekstenmeter og var krystallklar i pausen på kva ho synest om den første situasjonen.
– Det er openbert for alle som kan fotball at det er straffe. Eg spurte dommaren etterpå om det er lov til å springe folk ned bakfrå og fekk ikkje noko svar på det, så det er tydelegvis lov, sa Vålerenga-spelaren til NRK i pausen.
I andre omgang skjedde det igjen. Sævik blei riven i trøya og sparka i foten inne i boksen.
– Det er jo straffe det. Mister jo heile balansen, både med haldinga og sparket i foten, seier NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.
Like etter pause sette Diljá Zomers inn leiinga for Brann. Halvvegs i andre omgang utlikna Olaug Tvedten.
Med dryge ti minutt att fekk heimelaget straffespark. Den sette Elise Thorsnes i mål.
– Eg er framleis forbanna. Eg synest det er dårleg dømt, båe dei situasjonane. Men ho klarer det på tredje forsøk å dømme rett, me vinn i dag, så det får vere greitt, seier Sævik etter kampen.
Vålerenga møter Rosenborg i cupfinalen. Den blir spelt 23. november og blir sendt på NRK 1.