KOMMENTAR: Treng vi verkeleg å få forklart kvifor Mette-Marit stilte med pustehjelp på eit oppdrag 10. april?
Publisert: Publisert:
For mindre enn 30 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Amen. Til generalsekretær Magne Wang Fredriksen i LHL (Landsforeningen for hjerte, lunge og hjerneslag), som i Aftenposten denne veka rykker ut for å trekka opp ei grense. Ei grense for kor langt vi kan gå i å analysera kongehusets kommunikasjon, før det glir over i ein refleks der vi mistenker at alt som er synleg, også er kalkulert.
Eller?
Bakgrunnen er den synlege pustehjelpa kronprinsesse Mette-Marit hadde, på ei offisiell mottaking for dei norske utøvarane frå Paralympics. Ho hadde nasekateter, ein tynn slange med oksygen.
Det blir spekulert i om ho gjer det for å framstilla seg sjølv som eit offer, for å visa kor sjuk ho er, for å få sympati, for å få tankane våre bort frå Epstein og rettssaka mot Marius. Vidare at det nok berre er tull at ho treng hjelp til å bera behaldaren med oksygen som følgjer med, den kan jo ikkje vera så tung.
Og det er ikkje berre i kommentarfelta det blir spekulert, også Nettavisens kongehusekspert, Tove Taalesen, meiner det er regissert. Fordi Slottet ikkje også forklarar nasekateteret med ord.
«Når de viser fram sårbarhet i praksis, men ikke vil forklare den med ord, så fremstår det ikke tilfeldig. Det fremstår kontrollerende, ikke åpent, ikke transparent. Men nøye regissert,» analyserer Taalesen.
To tankar samtidig
Det der med å ha to tankar i hovudet samtidig. Det der med at fleire ting kan vera sanne samtidig.
For det er sårt å vera sjuk. Det kan vera ekstra sårt når alle ser det. Ikkje berre dei som står deg nært, men alle du møter. Som om det er noko du må stå til rette for, forklara, rettferdiggjera. Ein minus du må prøva å nulla ut, ved å forklara deg godt nok. Ofte nok. Detaljert nok.
Vi veit jo alt at sjukdommen har blitt verre, at kronprinsessa må førebu seg på lungetransplantasjon, at sjukdommen kan føra til endringar i programmet hennar på kort varsel. Og før det, at sjukdommen lungefibrose gjer vevet i lungene stive, og dermed gjer det vanskeleg å pusta.
Taalesen meiner det ikkje er godt nok. Vi må få meir. Nettavisen har også spurt Slottet om dette vil skje oftare framover. At vi vil sjå kronprinsessa oftare med synleg pustehjelp.
Vi veit nok
Eit enkelt google-søk kan stadfesta at sjukdommen lungefibrose er alvorleg, kronisk, at den forverrar seg, at den ofte er dødeleg. Ingen medisinar kan få deg frisk, men lungetransplantasjon kan vera ei hjelp for dei som kan få det. I Norge blir det berre gjort rundt 30 lungetransplantasjonar i året. Ikkje fordi det ikkje finst fleire pasientar som treng det, men fordi det ikkje er lett å få fleire friske lunger. Operasjonen er risikabel, den første tida etterpå er kritisk.
Nei, eg veit ikkje kvifor Mette-Marit stilte på offisielt oppdrag med pustehjelp akkurat nå. Og eg er heller ikkje med på at vi treng å få det forklart. Om sjukdommen hennar veit vi nok. Vi treng ikkje å få forklart kvifor ho hadde oksygenkateter i nasen på oppdraget 10. april, men ikkje på oppdraget 24. mars.
Sjølv om mange meiner vi ikkje veit nok om henne og Epstein, om kva ho visste eller forstod, eller om kva Haakon Magnus visste eller forstod. Sjølv om det er all grunn til å vera kritisk til måten Slottet har handtert den saka på.
Publisert:
Publisert: 15. april 2026 18:06

11 hours ago
4






English (US)