Treng fleire fosterheimar som denne

2 weeks ago 16



– Eg vart veldig overraska då dei fann ein pakistansk heim til meg. Alle brørne mine var i norske fosterheimar, fortel Farhad Zaman Kiani (20).

Han står side om side med fostermor og kuttar grønsaker til dagens middag.

Sjølv om han strengt tatt er vaksen, bur han framleis hjå fosterforeldra, Ashee og Zawar Khan. Han er glad og takksam for at han kom akkurat hit.

Kjøkkenglede, Ashee Khan, Farhad Zaman Kiani

Det er mykje latter i huset til familien Khan.

Foto: NRK / Caroline Bækkelund Hauge

Ashee sender fostersonen sin eit kjærleg blikk.

– Eg er så glad for at Farhad kom til oss. Eg har alltid vore stolt.

– Er du sikker, alltid?

Farhad ser ertande på fostermora.

– Ja, alltid!

En gutt på 10 år med pakistansk utseende sitter på ei rein oppi et tre og smiler.

Farhad var berre 10 år då han kom til fosterheimen på Ål.

En tenåringsjente bærer en yngre gutt på ryggen. De smiler og ler begge to.

Han fekk ei søster med på kjøpet. Hareem sa ja, då foreldra spurte om ho var villig til å dele dei med ein liten gut.

Portrett. Ung mann på 20 år fra Pakistan med mørkt krøllete hår, brune øyne, bart og litt skjegg på haka.

– Det var dårleg oppfølging og slike ting heime. Det hadde nok ikkje gått så bra med meg, om eg hadde vorte buande der.

Leitar intenst

I dag er det 7500 fosterbarn i Noreg. I forhold til befolkningssamansetninga elles, er barn med innvandrarbakgrunn overrepresentert. Framleis er det er altfor få familiar som vil ta imot, og gi omsorg til, ein ekstra.

Særleg stort er behovet for fosterfamiliar med innvandrarbakgrunn.

Rådgivar i fosterheimstenesta i Bufetat, Saman Dehesi, jobbar med dette kvar einaste dag.

– Mange av barna har eit ønske om å komme til fosterheimar med same bakgrunn som dei sjølve har. Det same gjeld foreldra deira.

Saman Dehesi, rådgivar i Bufetat ser på ein PC på eit kontor. Ved siden av han er det en plakat med bilde av et barn med påskrifta "matching".

Rådgivar i fosterheimstenesta i Bufetat, region øst, Saman Dehesi.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Ifølge Forskrift om fosterheimar skal barnevernstenesta, i alle saker, ta omsyn til kva slags etnisk, kulturell, språkleg og religiøs bakgrunn barnet har.

Dehesi fortel at når fosterheimstenesta ikkje greier å tilby egna fosterheimar, fører det til at barnet må vente veldig lenge.

– Kva slags fordelar har barn som kjem til ein fosterheim med same bakgrunn?

– Det gjer at barna kan kjenne seg att. Kjenne att morsmålet sitt, kjenne att maten, kjenne att kulturen sin. Noko som eg trur er utruleg viktig. Det gir tryggleik og gjer at barnet lettare knyter seg til fosterforeldra.

Ville strekke ut ei hand

Familien Khan kom som flyktningar frå Pakistan i 2002.

Dei har sjølve opplevd kor vanskeleg det kan vera å forlata nær familie, men også kjend på utfordringane med å oppdra barn i ein ny og framand kultur.

Etter fleire år med jobb innan skule og SFO, kjende begge at dei både ville, og kunne, hjelpe barn som trengde omsorg.

Ashee Khan, Zawar Khan. Farhad Zaman Kiani

Familien hugsar godt då Farhad kom til dei for 10 år sidan. Det snakkar dei ofte om.

Foto: NRK / Caroline Bækkelund Hauge

– Me kjende det først og fremst i hjarta våre, forklarar Zawar. Men først var det nokre praktiske ting som måtte avklarast.

– Har me kapasitet? Har me plass i huset? Har me plass i bilen?

Og så måtte dei spørje dottera si.

Hareem, som var einebarn, gav grønt lys. Då starta prosessen med godkjenning og opplæring av fosterforeldra, og i 2014 vart ho storesyster til Farhad.

Zawar Khan, Hareem Khan, Farhad Zaman Kiani

Her i huset elskar dei sterk pizza, gjerne med pakistanske krydder.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Eg elskar han akkurat som ein veslebror. Me har hatt skikkelege kranglar, men det er søskenkjærleik. Eg kan dele alt med Farhad, seier Hareem Khan (22).

Skeptiske til barnevernet

Familien Khan har også vore beredskapsheim i mange år. 17 barn har vore innom i kortare periodar dei 10 siste åra. Nyleg har endå ein fosterson (9) berika familien.

Fosterfar Zawar anbefaler familiar som kan strekke ut ei hand, om å opne heimen sin.

Men han trur mange med innvandrarbakgrunn vegrar seg for å bli fosterforeldre fordi dei er redde for systemet.

Zawar Khan og Farhad Zaman Kiani

Farhad søkjer ofte gode råd hjå fosterfar Zawar.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Dei trur at barnevernet tek barn frå foreldra. Dei skjønar ikkje at dei er til for å hjelpe og passe på. Skal ein bli ein fosterheim, må ein ha barnevernet i hus. Det er både saksbehandlar, tilsynsførar og forskjellige. Kanskje folk er litt redde for det, undrar han.

Saman Dehesi i Bufetat er einig. Dessutan trur han ikkje innvandrarar kjenner godt nok til korleis velferdssystemet i Noreg fungerer. Det gjeld også barnevernstenesta.

– Det gjer det vanskeleg å rekruttere dei til fosterheimar. Og me treng mange familiar med fleirkulturell bakgrunn.

Sterke band

For familien Khan betyr fostersonen mykje.

– Han er ein del av familien. Han er hjarta vårt, seier Zawar og tek seg til bringa.

Ashee ler godt då ho tenkjer på ein episode frå dei første dagane han var i huset på Ål.

– Eg sto her på kjøkkenet og laga mat. Og så sa du: Kvifor er det så mykje mat her?

Farhad trur den pakistanske maten i fosterheimen gjorde at han fann seg fortare til rette.

  • Farhad Zaman Kiani

    Han måtte bidra på kjøkkenet, der all den gode maten vart laga. Farhad budde i to beredskapsheimar før han kom til familien Khan.

  • kjøkkenpynt
  • Ashee Khan, Zawar Khan, Farhad Zaman Kiani

    Under eit slag biljard går praten lett, gjerne på deira felles morsmål, urdu. Fosterfamilien likar å gjera ting som er samlande.

  • Hareem Khan, Zawar Khan og Farhad Zaman Kiani

    Farhad drøymer om eigen bil når han no snart får lappen. Mange kveldar går med til å søke etter ein bil som har rett pris og merke.

  • Farhad Zaman Kiani

    - Det gikk jo fint, seier guten som no har vorte vaksen. - Eg er veldig glad for at eg flytta nettopp hit.

– Det ligg eit fellesskap i at me kjem frå same stad, et mat som eg har vokse opp med og sjølvsagt at dei snakkar urdu. Hadde eg ikkje budd her, så hadde eg kanskje mista det språket.

Fosterforeldra på si side, har sett korleis Farhad har utvikla seg dei 10 åra han har budd hjå dei.

– Det gir meg ei god kjensle. Eg føler verkeleg at me har gjort noko.

Så kanskje det er derfor han ikkje vil flytte heimanfrå, sjølv om han no er 20, humrar fosterfaren.

Farhad Zaman Kiani sjølv er nøgd med livet. Han trivst i jobben som lærling i helsefagarbeid og gler seg over at draumen om eigen bil og lappen er i ferd med å bli verkeleg.

Han ser ikkje bort frå at han sjølv ein dag i framtida blir fosterfar.

– Kvifor ikkje? Viss ein har lyst på barn, kvifor ikkje hjelpe dei som kanskje ikkje har det så bra?

Har du noko på hjarta etter å ha lese artikkelen?

Publisert 11.12.2024, kl. 17.43

Read Entire Article