For ti år sidan flykta dei frå bombene saman.
Samar al-Hasani var 18 år gamal. Med ein veslebror under kvar arm sprang ho for livet. Niåringen Mohammed heldt tempoet ved sidan av.
Konflikten mellom Israel og Hamas hadde på ny blussa opp. Drygt 15 minuttar før det smalt fekk Samar og brørne ein evakueringsordre på telefon:
– Personen sa: «Hei, vi er det israelske militæret. Nabolaget ditt har fem minutt på å kome seg ut av området før det skjer eit angrep,» seier Samar til NRK.
I dag bor Samar i Noreg. Ho kom hit som flyktning for seks år sida. Gjennom familiegjenforeining fekk ho seinare med seg dei to gutane ho bar i tryggleik den dagen, og mor deira.
Men Mohammed måtte bli att i Gaza. UDI gav først avslag på søknaden hans om å komme til Noreg. Etter ei klage fekk han likevel innvilga opphaldsløyve i mai i år.
Mohammed får reise og bli i Noreg. Om han kjem seg hit.
Søstera og advokaten hans fryktar at det alt er for seint.
Noreg ombestemte seg for seint
I fjor haust blei det full krig i Gaza. Samars og Mohammeds familieheim blei bomba, og Mohammed blei skilt frå dei andre søskena. I dag er dei splitta mellom nord og sør.
Samar fortel at ho har mista 14 familiemedlemmar.
– To av søskena mine er sakna, ei søster under eit kollapsa bygg, ein bror veit vi ikkje, seier Samar.
Mohammed lever framleis. Han er blitt 19 år og deler eit flyktningtelt med ein familie han ikkje kjente frå før.
I Noreg er det advokat Sunniva Aksnes som representerer Mohammed i familiegjenforeiningssaka.
– Situasjonen er heilt fastlåst, seier ho til NRK.
Utlendingsnemnda har sett fristen for innreise til starten av neste år, men UD seier dei ikkje kan hjelpe med utreise, ifølge Aksnes.
Kva Utanriksdepartementet (UD) har å seie om dette, kan du lese lenger nede i saka.
– Det er ei utruleg frustrerande og tragisk sak. Han har rett til opphald i Noreg, seier ho.
– Men på grunn av situasjonen der nede får han ikkje nytta seg av moglegheita. Han får kanskje aldri høve til å kome til Noreg, fordi ein ikkje veit om han vil overleve.
Skadd medan han stod i matkø
I Noreg sit søstera Samar med minner om ein bror som ho beskriv som ein «elskverdig, skjønn gut» som likte å gå på skulen.
– Når eg snakkar med Mohammed no, kjenst det framleis som han er eit barn, seier ho.
– Men no er han høgare enn meg. Kroppen hans er veldig annleis enn då eg såg han sist. Kvar gong han har sendt meg bilete, fekk eg sjokk.
Sist dei snakka saman, hadde Mohammed skada skuldra. Han blei treft av takstein då han venta i matkøen ved kontoret til ein humanitær organisasjon, seier Samar.
Ho fortel at Israel bomba ein bil ved der Mohammed stod.
– Alle menneska i og rundt bilen blei sprengde i fillebitar.
– Vennane hans har blitt drepne framfor auga hans. «Det kunne vore meg», sa han til meg etterpå. «Eg veit ikkje kva eg skal gjere.»
Men Samar er meir redd for at broren skal døy av svolt enn ei krigshandling. Ho fortel at det kan gå dagar der han ikkje får ete.
UD kan ikkje tilby den same bistanden
I ein e-post til NRK seier Utanriksdepartementet at dei har hjelpt 300 personar med å kome seg vekk frå Gazastripa.
– Vi er veldig bekymra for dei som held til i Gaza, seier kommunikasjonsrådgivar Mathias Rongved.
– Norske styresmakter har difor jobba i lang tid for å få ut personar som har rett til konsulær bistand frå norske styresmakter.
Dette gjeld norske borgarar, og utanlandske borgarar som allereie har busette seg i Noreg, seier han vidare.
Ifølge UDI er 13 av dei utanlandske statsborgarane som har fått opphaldsløyve i Noreg, framleis inne i Gaza.
– Norske styresmakter kan dessverre ikkje tilby den same bistanden til andre utanlandske statsborgarar, seier Rongved.
– Det gjeld også personar som har fått eit opphaldsløyve, men som ikkje har vore busette i Noreg tidlegare.
Kallar innreiseløyvet ei «papirøving»
Mads H. Almaas er generalsekretær i Norsk organisasjon for asylsøkarar (Noas). Han seier at dei har grunn til å tru at alle 13 framleis er inne i Gaza.
– Vi veit ikkje eingong om alle er i live, seier han til NRK.
Dei som får forlate Gaza, reiser via Egypt. Almaas meiner at problemet er at Egypt krev at Noreg garanterer at Mohammed reiser vidare innan 72 timar. Men Noreg klarar ikkje gjennomføre ein identitetskontroll på den tida, ifølge Almaas.
UD ønskjer ikkje å kommentere påstanden.
Noas-sjefen meiner ein mangelfull identitetssjekk i Egypt er ein risiko som Noreg må ta. Elles meiner han innreiseløyvet dei har fått, berre blir ei «papirøving».
– Belgia har klart dette her, Island har klart det, og vi synest det er rart at Noreg ikkje skulle klare det, seier han.
Samar al-Hasani meiner det er openbert kva Noreg kan gjere for Mohammed.
– Hjelp ham med å kome seg ut derifrå. Det er ikkje vanleg krig, det er ein massakre, seier ho.
– Iallfall få han til Egypt. Eg står klar for å sørge for at han kjem seg vidare.
Interessert i utanriks? Høyr utanriksredaksjonens podkast:
Publisert 26.12.2024, kl. 10.31