Gjennom helga held angrepa fram mellom Israel og Iran. Dette skjer etter det omfattande israelske angrepet mot Iran natt til fredag.
Den iranske utanriksministeren seier søndag at angrepa aldri hadde skjedd om USA ikkje hadde gjeve Israel grønt lys. Den amerikanske utanriksministeren Marco Rubio avviser at dei har vore involverte.
Donald Trump seier Israel brukte amerikanske våpen i angrepet.
Folk står og ser på ruinar i Tel Aviv i Israel etter eit iransk bombeangrep.
Foto: JOHN WESSELS / AFP / NTBDet er difor ingen tvil om at det er ikkje lenger ein veg for USA ut av denne konflikten. Men kva har desse angrepa å sei for USA?
Kva er rolla til USA mellom Iran og Israel?
USA støttar Israel. Det har dei gjort mellom anna gjennom krigføringa til Israel på Gaza og i konflikten med Iran. Historisk sett har USA og Iran vore «erkefiendar».
Angrepa kan verke som ei fornærming mot Trump som hadde bede den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu om ikkje å angripe Iran. Likevel kalla Donald Trump det israelske angrepet mot Iran «utmerkt».
Sjølv har Trump truga med angrep mot Iran om samtalar om ein atomavtale feila.
For under Trump har Iran og USA nemleg byrja å snakke saman om ein atomavtale. Dette trass at Trump trekte USA ut av ein tilsvarande avtale i 2018.
Etter planen skulle USA og Iran møtest til sjette runde av nye samtalar i morgon – søndag – i Oman.
I april omtala både Iran og USA éin av atom-samtalane deira som «konstruktive».
Nokre av dei iranarane som er drepne i israelske angrep er avbilda på plakatar i Teheran laurdag.
Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTBDen iranske utanriksministeren Abbas Araqchi sa laurdag at det er uforsvarleg å ha atomsamtalar med USA etter Israel sine «barbariske» angrep. Etter angrepet fredag melder iransk TV at Iran avlyser møtet.
Utanriksminister Espen Barth Eide meiner dette er uheldig.
– Eg trur begge partar treng denne avtalen, seier han til NRK.
Kan USA bli involvert?
Kåre Aas har vore ambassadør til både USA og Israel og er spesialrådgjevar i Kruse-Larsen. Han kallar situasjonen «alarmerande», nettopp på grunn av at USA kan bli involvert i konflikten i direkte konfrontasjonar.
Tidlegare ambassadør Kåre Aas ser at heile Midtausten blir meir uroleg når Israel og Iran har gått til angrep på kvarandre.
Foto: Tom Balgaard / NRK– Eg trur alle landa både i og utanfor Midtausten er veldig uroa for at det ikkje berre blir militære handlingar mellom Iran og Israel, men at Iran også kan bruke sin proxy i regionen til å gå til angrep mot andre land i regionen, også mot amerikanske militære installasjonar og amerikanske borgarar, seier Aas.
Og laurdag morgon kom dette også frå iransk statleg media:
– Om USA, Storbritannia og Frankrike hjelper til å stoppe iranske angrep mot Israel, blir militærbasane og marinefartøya deira mål for iranske angrep.
Kva skjer om Iran angrip amerikanske militærbasar?
Det har ikkje skjedd, men for første gong på lang tid spreier det seg ein reell frykt for at amerikanske militærbasar blir til iranske angrepsmål.
I alle fall ifølgje Per Erik Solli som er senior forsvarsanalytikar i Forskningsgruppen for sikkerheit og forsvar ved NUPI. Han ser tre moglege utfall om Iran angrip amerikanske militærbasar i Midtausten:
Per Erik Solli legg fram tre alternativ til kva som kan skje framover.
Foto: Nupi- USA blir også med i offensive operasjonar mot Iran. Det vil vere ei stor militær eskalering og sette ein stoppar for samtalane om atomvåpen mellom Iran og USA.
- USA berre innfører eit avgrensa angrep for å markere misnøya si. Det vil føre til ei marginal eskalering.
- Amerikanarane vel å ikkje svare militært, for å stå sterkare i framtidige politiske forhandlingar, men det er lite sannsynleg med noverande administrasjon.
Interessert i meir stoff frå utanriks? Høyr podkasten vår her:
Publisert 15.06.2025, kl. 09.48