Parkeringsavgifter – og særleg parkeringsbøter – kan som kjent svi.
Men nå kan tre parkeringsselskap sjølv å få til saman 2,5 millionar kroner i tvangsmulkt kvar einaste veke. Grunnen er at selskapa krev høge fakturagebyr når dei krev inn parkeringsgebyr.
Det statlege Forbrukartilsynet meiner at Onepark, APCOA AS og Aimo Park Norway AS bryt lova.
Selskapa meiner at dei følgjer reglane.
Risikerer tvangsmulkt
Nyleg fekk desse selskapa kvar sitt «førehandsvarsel om vedtak». Der krev tilsynet at selskapa må slutte med fakturagebyr som er større enn det det faktisk kostar å sende faktura.
Selskapa må innan 20. januar svare på om dei vil endre praksisen sin. Viss ikkje, kan selskapa ende opp med å betale tvangsmulkt, med følgande summar per veke:
- Onepark: 1.300.000,-.
- APCOA AS: 950.000,-.
- Aimo Park Norway AS: 250.000,-.
Gruppesøksmål
Tidlegare i haust fortalde NRK om Anders Bjerga. Han nekta å betale 69 kroner i fakturagebyr for eit parkeringsgebyr på 40 kroner.
Han fekk støtte frå interesseorganisasjonen Forbrukarrådet. Rådet meiner fakturagebyr bør vere maksimalt 10 kroner for å dekke den faktiske kostnaden med innkrevjinga.
I januar 2023 kom ei ny finansavtalelov. Den slår fast at fakturagebyret ikkje kan «overstige betalingsmottakerens faktiske kostnad ved å utstede og sende regningen».
Innkrevjingsselskapet Riverty trekte kravet mot Bjerga like før saka skulle opp i forliksrådet.
Forbrukarrådet gjekk likevel til gruppesøksmål mot Riverty for å ha for høge fakturagebyr. Dagleg leiar Kjell-Rune Birkelund i Riverty var er usamd i at dei skriv ut ulovlege gebyr.
Meiner dei følgjer reglane
No er det altså staten – ved Forbrukartilsynet – som har tatt tak i parkeringsbransjen.
I mai sende tilsynet brev til dei tre selskapa. Alle tre svarte at dei meinte vilkåra/praksisen deira er i samsvar med finansavtalelova.
- Onepark oppfatta regelverket annleis enn Forbrukartilsynet, og ville ikkje innrette forretningsmodellen og avtalevilkåra sine «etter Forbrukartilsynet si forståing av regelverket».
- Aimo Park Norway AS meinte at deira praksis knytt til prising av produkt/tenester og fakturering for parkering ligg innanfor rammene i finansavtalelova.
- APCOA forklarte at dei har gjennomgått og innretta si verksemd opp mot rettleiinga, og meinte at deira praksis er i samsvar med finansavtalelova.
Dette har Forbrukartilsynet igjen svart på i september og i oktober i år.
Kravde dokumentasjon
Forbrukartilsynet påla selskapa om å opplyse om forskjellige tenester og fakturagebyr.
Ein knapp månad seinare gav Aimo Park Norway Park opplysningar om «FLEX», Onepark om «Pay Later» og APCOA om «Park & Go».
No har altså alle tre selskapa fått eit førehandsvarsel om vedtak.
Aimo Park Norway AS fekk dokumentet onsdag kveld denne veka. Administrerande direktør John Lien kallar dokumentet «stort og veldig juridisk».
– Me skal bruke jula og dei første dagane etter jul på å sjå på det og gi tilsvar før tidsfristen går ut, seier han.
Administrerande direktør Leif Nymoen i Onepark vil ikkje svare på om selskapet står fast ved å ikkje innrette seg etter tilsynet si regelforståing.
– Vi ønsker å svare tilsynet før vi gir ytterlegare kommentarar, skriv han til NRK.
Det same svarer driftsdirektør Carl-Erik Martinsen i Apcoa AS.
Publisert 22.12.2024, kl. 12.43